Hopp til innhold

Fryktar at Sogn og Fjordane blir eit «sosialklientfylke»

Frank Willy Djuvik brukte Frp-landsmøtet sin talarstol til å raljere med politiske motstandarar, miljørørsla og distriktsopprør. Han fryktar at Sogn og Fjordane skal bli det han kallar eit «sosialklientfylke».

Frank Willy Djuvik på landsmøte i FrP

KRITISK: Frank Willy Djuvik fryktar at distriktsopprør skal skade Sogn og Fjordane.

Djuvik la ikkje noko i mellom då han fekk taletid på landsmøtet på Gardermoen laurdag. Særleg er han kritisk til mellom anna politikarane i Førde som har skrive under på opprop mot sentralisering, og som også vil klage gruvevedtaket i Naustdal inn for ESA.

– Eg finn meg faktisk ikkje i at såkalla distriktsopprørarar skal degradere mitt fantastiske fylke til bortimot eit «sosialklientfylke», som ikkje er i stand til å verken ta vare på seg sjølv, eller utvikle seg sjølv utan at det er Staten som gjør det, sa Djuvik frå talarstolen.

– Krev endå fleire

Han meiner det er riv, ruskande gale at lokalpolitikarar i Sogn og Fjordane, og særleg Førde, er med og kjempar imot Nordic Mining sine planar i Vevring.

– Førde kommune, med sine knappe 12.000 innbyggjarar, har over dobbelt så høg tettleik av statlege arbeidsplassar enn hovudstaden Oslo, og så krev dei endå fleire. Medan dei same politikarane nokre dagar seinare sender brev til ESA og klagar på etableringa av 300 nye industriarbeidsplassar i regionen, sa han frå talarstolen.

– Nedsetjande om Førde

Djuvik har sjølv ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar etter sitt innlegg på FrP-landsmøtet, men på sosiale medium har ikkje reaksjonane late vente på seg.

Venstremann og sterk motstandar av gruvedeponi, Sindre Roska, skriv mellom anna følgjande på sin Facebook-vegg.

– Som vanleg prioriterer han tid og krefter på å snakke nedsetjande om Førde, samstundes som tala han brukar er feil, eller i beste fall unøyaktige, skriv Roska.

– Blir degradert

Djuvik meiner på si side at lokalpolitikk og fylkespolitikk blir degradert til å vere i eit kappløp om å kven som klarer å reise mest til Oslo for å krevje mest.

– Lokal tilrettelegging av private arbeidsplassar, ja-haldning til private initiativ og jobben for å byggje gode lokale velferdstilbod må vike, mens ordførarane står i kø utanfor Stortinget, sa Djuvik til Framstegspartiet sitt landsmøte.