Hopp til innhold

Djuvik ein slagen mann

Framstegspartiet går mot eit kraftig valnederlag.

Frank Willy Djuvik

ATTENDE: Frank Willy Djuvik og Frp går kraftig attende ved årets val.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Partiet fekk ein kraftig oppsving ved stortingsvalet i 2009, men går kraftig attende ved årets fylkestingsval.

Framstegspartiet har gått ned med 8,1 prosent i høve til stortingsvalet i 2009.

– Dette er ikkje godt nok. Vi har ein jobb å gjere i tida framover, konstaterer fylkesordførarkandidat Frank Willy Djuvik.

Kraftig attende

Framstegspartiet ligg an til ein oppslutnad på 7,8 prosent. Ved førre fylkestingsval fekk partiet ein oppslutnad på 9,5 prosent, og tre mandat på fylkestinget.

– Førebels er det ein del store kommunar att, så vi avventar til endeleg resultat. Men det ser ut til at den nasjonale trenden har slått til her også. Det vart ikkje så godt som vi hadde håpa på, resignerer han.

Nådde ikkje målet

Under valkampen har partiet køyrt hardt på utviklinga til Sogn og Fjordane. Men lovnad om 120 000 innbyggjarar innan 2020 har ikkje slått an hos veljarane.

På fylkestinget ligg dei an til å misse ein representant. Djuvik meiner dei skal ha godt samvit for sakene dei har fronta, men konstaterer at partiet ikkje har klart å mobilisere.

– Vi hadde ambisjonar om 15 prosent, og seks representantar på tinget. Men det skal halde hardt no, kommenterte Djuvik då 18 av 26 kommunar var opptelde.