Hopp til innhold

Djupvik: Dette er utruleg stort

Landslagstrenar Morten Aa Djupvik har ikkje ord etter at Petter Northug vart verdsmeister på 30-kilometeren under VM i Holmenkollen søndag.

Morten Aa Djupvik

GLAD: Morten Aa Djupvik kan juble etter god norsk laginnsats søndag.

Foto: NRK1/skjermdump

- Eg har ikkje fått tenkt så mykje på det, men det er utruleg stort, seier glopparen til NRK rett etter målgang.

Northug gjekk eit perfekt disponert løp og innfridde alle forventningar under løpet.

Sterk norsk innsats

- At Petter vinn på heimebana er fantastisk stort. Eg har ikkje ord, eg er berre så glad og nøgd, seier Djupvik tydeleg prega av sigersrusen.

Også resten av det norske laget gjorde det sterkt, Martin Johnsrud Sundby kom inn på femteplass.

- Alle gutane er med å prege løpet. På førehand var vi samde om å hjelpe kvarandre og gjere det beste for laget. Det synst eg vi har fått til, seier Djupvik stolt.

- Ein kjempestart på VM

Før VM har det blitt stilt spørsmålsteikn til Djupvik etter at det har vore ein tung vinter for det norske herrelandslaget.

Etter 30-kilometeren søndag kan ting tyde på at Djupvik har gjort noko rett.

- Vi har gått ein god start på VM på heimebane, og endå er det mykje att, seier Djupvik til NRK.

LES ALT OM SKI-VM HER.