Hopp til innhold

Difor meiner ho menn bør få eigne krisesenter

– Vi klarer ikkje å gje menn eit godt nok tilbod, seier Wenche Hovland, leiar for krisesenteret i Sogn og Fjordane

Wenche Hovland

BYGGJER OM: Leiar for krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, vil byggje om for å betre tilbodet til menn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er kommunen sitt ansvar å syte for hjelp til personar i krise og som treng ein stad å vere. Dei aller fleste er kvinner og barn som treng vern. Nokre må leve i skjul på senteret på grunn av trugslar.

Men senteret skal også kunne tilby menn same vern. Det greier dei ikkje i dag.

– Dei kjem ikkje inn på krisesenteret for kvinner, dei bur i ei anna leilegheit. Der er det ikkje personale heile tida, der er ikkje nattevakt slik det er for kvinner. Så dei blir veldig åleine og litt einsame, seier Hovland.

Fleire menn nyttar tilbodet etter lovendring

I 2010 kom ei eiga lov som påla kommunane å syte for at alle kvinner, barn og menn som er utsette for vald i nære relasjonar har eit krisesentertilbod. I løpet av eit år bur det om lag 2000 kvinner på eit krisesenter i Norge.

Talet er langt lågare for menn, men det har likevel vore ei tredobling av talet på menn som treng vern på eit senter sidan lovendringa kom. I 2008 var det fire menn som budde på eit senter. I 2013 var det auka til 111.

Det stadig fleire menn som nyttar sentera sine dagtilbod, og fleire ringer for å få råd og rettleiing i saker. Ofte handlar det om kvinner som driv psykisk mishandling og som brukar barna som pressmiddel på mannen.

– Menn som har med seg barn blir det særdeles vanskeleg for. Fordi barna kan heller ikkje integrerast med dei andre barna som bur saman med kvinnene, seier Hovland.

Rapport avslører store skilnader

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet Bufdir har laga ein rapport som skildrar stoda på krisesentera i Norge. Der kjem det fram at det er store skilnader. Mari Trommald, direktør i Bufdir, er samd med Hovland. Menn får ikkje lik hjelp.

Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

SER PROBLEMET: Mari Trommald, direktør i Bufdir, er samd i at menn ikkje får lik hjelp som kvinner ved krisesentera.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

– På nokon område, som det blir peika på særleg i rapporten, får ikkje menn tilstrekkeleg sikkerheit og døgnope tilbod slik krava er, seier ho.

Ho er samd med Hovland i at noko må gjerast.

– Eitt av forslaga som kjem opp i rapporten, er at ein samlar tilbodet til menn i større senter. Det vil gje større kompetanse, samstundes som det gir lengre reiseavstand for dei mennene det gjeld, seier ho.

I tillegg til at sentera ikkje oppfyller lova for menn, viser rapporten at dei heller ikkje greier å følgje opp personar med psykiske lidingar eller rusproblem.

– Dette tykkjer vi er særs urovekkjande, for dette er ei gruppe som openbart har store utfordringar, som vi ser at krisesentera ikkje har greidd å fange opp. Så dette er eit område som vi kjem til å gå djupare inn i.

Les også: Styret lar øksa falle - Helse Førde kuttar i psykiatri og legg ned Aktiv på dagtid

Vil byggje om for å betre tilbodet

Hovland i Florø ser også at dei har utfordringar med gje rett vern til dei som har psykiske lidingar eller rusproblem. Ho vil byggje ut tilbodet til desse personane med eit eige hus.

– Vi planlegg fleire overgangsleiligheiter og at vi i dette huset kan klare å ha skjerma tilbod til denne gruppa.

No skal Bufdir kome med sine tilrådingar om kva som bør skje med tilbodet til menn og rusa og psykisk sjuke, før politikarane får saka.

– Her må vi nok sjå nøye på rapporten og kva som kan vere aktuelle tiltak for at denne gruppa skal få ei betre hjelp enn det dei får i dag, seier Trommald.