Hopp til innhold

Står utan ambulanse - no skal kommunetilsette rykkje ut når noko skjer

Balestrand kommune har ikkje lenger ambulanse. No blir kommunetilsette kursa i førstehjelp slik at dei kan rykkje ut ved akutt sjukdom eller ulukker.

Balestrand kommun står no utan ambulansestasjon. For å sikre at det skal vere folk med nødvendig kompetanse ved ulukker blir tilsette i kommunen no kursa i førstehjelp.

FØRSTEHJELP: Førstehjelp kan redde liv, og kommunetilsette i Balestrand blir no kursa slik at dei kan gjere ein forskjell når noko skjer. FOTO: Idun Fivelstad.

Ambulansestasjonen i den vesle kommunen er lagt ned, og næraste ambulanse er no i Høyanger eller Sogndal.

For å sikre at det finst nødvendig kompetanse til å yte livreddande førstehjelp, kursar no Helse Førde kommunetilsette i Balestrand. Blant dei som er på kurs er sjukepleiarar og brannmannskap.

Klinikkdirektør i Helse Førde, Tore Dvergsdal, meiner pilotprosjektet skal gje eit godt tilbod til innbyggjarane.

– Vi får opplært personell som kan ta seg av innbyggjarane i kommunen. Det er også positivt i den forstand at det no er eit akutteam i kommunen som kan rykkje ut, seier han til NRK.no.

Skal rykkje ut når noko skjer

Helseføretaket har ikkje greidd å skaffe nok personell til å drive ambulansestasjonen i Balestrand. Dermed vart stasjonen lagt ned, ein situasjon som førte til stort engasjement.

– Dette kom litt brått på oss i bygda, så det vart eit veldig engasjement. Det er store avstandar, seier rådmann Kjellaug Brekkhus i Balestrand.

Etter å ha diskutert saka med Helse Førde har kommunen og helseføretaket kome fram til ei løysing. Sjukepleiarar og brannfolk er blant dei som får opplæring i førstehjelp, og det er dei som skal rykkje ut når noko skjer.

– Dette kan bli ein spennande måte å trygge innbyggjarane på, seier ho.

Ho seier det er tenkt organisert med ein eigen bil, og at det alltid skal vere nokon på vakt som kan rykkje ut saman med ein sjåfør.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opplæring i førstehjelp

OPPLÆRING: Kommunetilsette fekk denne veka opplæring i førstehjelp. Dei skal no kunne rykkje ut når noko skjer i Balestrand.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Blir bra på sikt

Blant dei som denne veka var på kurs var Heidrun Sveinsdottir og Kurt Ronny Ese. Dei to sjukepleiarane er spente på den nye løysinga.

– No skal vi gjennom dette kurset over to dagar, og så er det praksis. Det går alltid noko tid før ein kjenner seg trygg, men eg reknar med at det blir bra på sikt, seier Ese.

Sveinsdottir vedgår at ho aller helst skulle hatt eigen ambulansestasjon i kommunen.

– Men vi må finne løysingar, og eg håpar dette vil fungere, seier ho.

Vedgår at det er eit stort ansvar

Tore Dvergsdal

GOD LØYSING: Tore Dvergsdal i Helse Førde meiner løysinga er god for innbyggjarane i Balestrand.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Klinikkdirektør Tore Dvergsdal seier innbyggjarane med ei slik ordning alltid er sikra at det er eit team som kan yte førstehjelp.

– Dei skal ikkje reise ut av kommunen, slik ambulansen kunne måtte gjere. Det er også slik at det vil rykkje ut ein ambulanse frå Høyanger eller Sogndal, og så er det ambulansepersonell derfrå som tek over etter kvart, seier Dvergsdal.

– Men er det ikkje eit veldig ansvar å leggje over på vanleg kommunetilsette, at dei skal vere eit team som rykkjer ut til ei trafikkulukke?

– Det kan du seie. Men samtidig er dette folk som har opplæring innan sjukepleie, brannvern og som ofte rykkjer ut på ulukker i dag. Når dei i tillegg får den opplæringa vi gir dei, så skal dei vere meir kompetente til å løyse oppgåvene, seier han.

– Eit godt tilbod

– Er innbyggjarane i Balestrand med dette tilbodet like trygge som andre innbyggjarar som har ambulansestasjon?

– I utgangspunktet meiner eg det er eit godt tilbod, men om det er like trygge kan eg ikkje svare på. Det kjem an på kor du bur i Sogn og Fjordane.

– Dess nærare ein bur eit senter, dess større sjanse er det for at ting går bra. Slik er det i heile landet, seier klinikkdirektøren.

Rådmann Kjellaug Brekkhus trur slike ordningar er komne for å bli.

– Det blir meir og meir viktig i Utkant-Norge, der det er langt til sjukehus, å finne løysingar som er gode lokalt, seier ho.