Hopp til innhold

Til sjukehus med kuttskader etter slagsmål

Bråk på buss, slagsmål og to rusa menn i arresten. Politiet har hatt litt å hanskast med i natt.

Politiet på Twitter
Foto: skjermdump, Twitter.com

Det er i Sogndal, Førde og Florø politiet har måtte aksjonere i natt. I kystbyen har to karar sove ut rusen i arresten. På den eine fann politiet narkotika, medan den andre vart teken inn for urinering, ordensuro og for å ha spytta på ein polititenestemann.

I Førde fekk politiet melding om slagsmål mellom to personar i sentrum. Då patruljen kom fram viste det seg at ein mann i 20-åra hadde fått kuttskadar, og vart frakta til sjukehus med ambulanse. Vedkommande kunne ikkje gjere greie for gjerningspersonen.

Like over klokka 03 fekk politiet melding om mykje bråk på ein buss mellom Kaupanger og Sogndal. Politiet gjekk om bord og fekk roa gemytta.

Tilbake i Florø dempa politiet musikken til ein kar som heldt naboane vakne.