Hopp til innhold

Dette hadde politiet å hanskast med

Politiet har nok hatt meir hektiske netter enn natt til søndag. Litt har dei no hatt å baske med likevel.

Politiloggen 14. september

Som det plar vere i helgane, er det hovudsakleg rusa menn og tilløp til bråk kring om i fylket.

Det var også slik laurdagskvelden starta, med tillaup til slåsting mellom nokre ungdomar i Nordfjordeid sentrum. Politiet rykte ut etter at dei fekk beskjed klokka 2239. Ein av ungdomane fekk pålegg om å reise frå sentrum. Det er førebels uklart om nokon vil melde hendinga.

Framleis i Nordfjord, var det i Måløy politiet fekk melding frå ein utestad om at dei hadde ein uønskt gjest på besøk. Mannen var reist frå staden då politiet kom fram.

Like over midnatt fekk politiet i Florø melding om høg musikk frå eit hus. Som tidlegare på kvelden, i Kaupanger og Førde, var det roleg då politiet kom til staden.

Ein times tid seinare tok ordensmakta i kystbyen hand om ein rusa mann i 50-åra. Mannen kunne ikkje gjere opp for seg etter ein drosjetur, og etter å ha kontrollert personalia til mannen vart han køyrt heim. Då etter lovnad om å gjere opp for drosjeturen ved eit seinare høve.

Like over klokka 02 fekk politiet melding om støy utanfor eit forsamlingshus på Kaupanger. Roa hadde senka seg då politiet kom fram.

Ein halvtimes tid seinare måtte politiet i Sogndal ta han dom ein overstadig rusa mann. Han vart køyrt heim til eigen bustad.

Klokka 0247 vart det meldt om bråk og støy frå Sandane sentrum. Også her var det roleg då politiet kom fram, men ein mann og ei kvinne vart køyrt heim til bustad.

I 05-tida søndag kom politiet over ein parkert bil på Almenningsfjellet i Vågsøy. Føraren, ein mann i 30-åra, vart teken med til lege etter mistanke om å ha køyrt bilen i rusa tilstand. Saka blir vidare etterforska ved Vågsøy lensmannskontor.