Hopp til innhold

Dette er Vestlandsregionen

Fylkesordførarane i tre vestlandsfylke har bestemt seg for å slå seg saman og bli det desidert største fylket i Noreg. Dei har vedteke ein plan for korleis det skal sjå ut, og den kan du lese om her.

Signering av avtalen

HISTORISK: Fylkesordførar Jenny Følling frå Sogn og Fjordane, anna Gine Hestetun frå Hordaland og Solveig Ege Tengesdal frå Rogaland signerer intensjonsplanen som skisserer korleis det nye storfylket skal sjå ut

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

I fleire hundre år har Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vore organisert som len, amt og fylke. No kan alt vere historie, og storfylket med 1,1 million innbyggjarar kan sjå dagens lys allereie om fire år.

Leiinga i fylka er samde, og om dei får viljen sin vart fylkestingsvalet i 2015 det siste i dei tre fylka nokon sinne. I 2019 vil eit nytt regionting då veljast i staden.

Dagens tre fylkesting kan vere dei siste i historia, men dei neste vekene er det likevel dei som sit med nøkkelen. Fylkesordførarane har kome med sin klare plan, men det er fylkestinga som i desember skal seie ja eller nei til den.

Sjølve signeringa

STORT: Etter signeringa av intensjonsavtalen sa fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun at ho tykte det var stort å vere med på noko så historisk

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Korleis vil det nye fylket verte styrt?

I dag er dei tre fylka styrt av kvart sitt fylkesting. Det viktigaste dei gjer er å styre dei vidaregåande skulane og ein del som har med veg, trafikk og samferdsle å gjere.

Det nye storfylket skal styrast av eit samla fylkesting som vert kalla regionting. Det skal bestå av 71 representantar som vert valde frå heile regionen under eitt.

Håpet til fylkesordførarane er at regionstinget skal ha ansvar for fleire oppgåver enn det fylkeskommunane har i dag.

Regiontinget skal styrast etter det som heiter formannskapsmodellen. Det tyder at eit lite utval av politikarane treff kvarandre oftare enn resten av tinget for å handsame dei fleste sakene. Dei kjem så med sine tilrådingar til resten av regiontinget, som kan velje å følge rådet eller ikkje. Dette utvalet vert kalla regionutval.

Kart over vestlandsregionen

TREKLØVER: Det er det tre vestlandsfylke som no held på å gå i lag. Møre og Romsdal er også eit vestlandsfylke, men der har ikkje politikarane lyst til å vere med.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Kva skal liggje kor?

Noko av det vanskelegaste å bli samde om i forhandlingane om planen var kva funksjonar som skal liggje kor. Det er mange arbeidsplassar og ressursar knytt til dei ulike funksjonane som dagens fylkeskommunar har. Med nye oppgåver kan det bli endå fleire ressursar som skal fordelast.

Bergen

HOVUDSTAD: Bergen er den største byen på Vestlandet, og no ligg det an til at kystbyen også blir hovudstad i det nye vestlandsfylket

Foto: Cornelius Poppe, Poppe, Cornelius

Senteret i Vestlandsregionen blir Bergen. Her skal sjølve regionstinget liggje. Det same skal den øvste politiske og administrative leiinga, inkludert fylkesrådmannen med sine tilknytt funksjonar.

Både regiontinget og regionutvalet skal likevel reise ein del rundt. Planen er at dei begge skal ha årlege samlingar i Sogn og Fjordane og Stavanger. Bergen vert likevel hovudsete.

Å få regionsenteret har stor symbolsk verdi, og det kan vere ein politisk vinst ved å ha alle politikarane plassert i sin by. Den største mengda arbeidsplassar er likevel knytt til fagmiljøa rundt dei ulike avdelingane i regionen.

Oppgåvene til den nye Vestlandsregionen skal delast inn i fire avdelingar:

  1. Samferdsle
  2. Næring
  3. Opplæring
  4. Kultur og idrett

Her er det Stavanger som stikk av med mest. Leiinga for dei to tunge avdelingane næring og opplæring skal i sin heilskap liggje i oljebyen, og det same skal idrett og delar av samferdsle.

Stavanger sentrum

FLEIRE AVDELINGAR: Stavanger får leiinga i fleire av dei viktige avdelingane i det nye storfylket. Med det følgjer både arbeidsplassar og ressursar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Veg og kultur til Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har på si side fått tildelt den delen av samferdsle som har med veg å gjere, samt avdelinga for kultur. I tillegg til dette er det to punkt i avtalen som er særleg gunstig for fjordfylket.

Det første er at planen oppmodar staten om å slå saman dagens tre fylkesmenn, og plassere ein ny sameint fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Det andre er at planen legg opp til at Sogn og Fjordane skal få lov til å halde 1,5 milliardar kroner i særeige inn i den nye regionen. Det skal gjerast gjennom eit investeringsfond der mellom anna nokre av dei store verdiane knytt til naturressursar skal plasserast, men også noko av pengane frå fjord1-salet.

Laster innhold, vennligst vent..

Nynorsk eller bokmål?

Eit spørsmål som vekka mange kjensler under forhandlingane var kva som skal vere hovudmålet i det nye storfylket. Representantar ifrå Rogaland var klare på at nynorsk ikkje kunne vere det einaste språket, medan både Hordaland og Sogn og Fjordane var oppteken av å sikre ei sterk posisjon for nynorsken.

Resultatet vart at planen inneheld ei formulering som seier at "nynorsk er, og har vore, ein viktig felles identitetsbyggar". Det står derimot ingenting om kva som skal vere administrasjonsspråk eller hovudmål. Det ligg dermed framleis i det blå.

Hermansverk

PLOMMER OG EPLE: Fruktbygda Leikanger er i dag sete for fylkesadministrasjon og fylkesmann i Sogn og Fjordane. I det nye storfylket kan den vesle kommunen få både fylkesmann og andre oppgåver. Mykje er likevel usikkert, og planen seier ikkje noko om kva som skal liggje i Førde og kva som skal liggje i Leikanger.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kva med andre som nyttar fylkesinndeling?

Det er dei politiske institusjonane på fylkesnivå som no byrjar å slå seg saman, men å dele seg i fylke er det mange fleire her i landet som gjer. Kva skjer no med Sparebanken Sogn og Fjordane, NRK Hordaland og Rogaland Bondelag?

– Eg trur heilt sikkert at lag og organisasjonar kjem til å følgje politikarane. Det gir ikkje meining å halde på som før, så her vil vi nok sjå ei endring også i det norske organisasjonskartet. Det trur generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen.

Planen til fylkesordførarane seier likevel ingenting om dette, og her vil det jo vere fritt fram for dei ulike aktørane å velje om dei vil halde fram på dagens inndeling eller ikkje. Dei NRK har ringt til antydar likevel at dei kjem til å følgje samanslåinga til politikarane.

Krav til staten

Dei tre fylkesordførarane er samde om å gå saman, men dei er også samde om at alt kan havarere om ikkje visse ting kjem på plass.

Dei tre fylka krev at dei får ansvaret for fleire oppgåver enn det dagens fylkeskommunar har i dag. Om dei ikkje får det, vil dei ikkje gå saman.

Dei stiller også som eit krav at staten slår saman sine fylkesmenn, og plasserer den samla fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Stortinget

SISTE ORD: Det er Stortinget som har siste ord om kor mange fylke vi har i dette landet, og om dei tre fylkestinga seier ja til å slå seg saman er det framleis i denne bygningen det heile skal avgjerast

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Vegen vidare

Bakgrunnen for heile fylkessamanslåinga er at Stortinget i eit vedtak har slått fast at dei vil ha færre fylke. Spesifikt vil dei at dagens 19 fylke vert erstatta av om lag ti. Det er også Stortinget som får det siste ordet.

Om dei tre fylkestinga røyster ja til å slå seg saman til eit nytt storfylke, skal resten av detaljane verte utarbeidde av ei fellesnemnd beståande av 4 representantar frå Rogaland, 4 frå Hordaland og 3 frå Sogn og Fjordane.

I desember skal fylkestinga endeleg bestemme seg for om dei vil gå saman til eit nytt regiongting eller ikkje. Til sist vert det heile sendt til Stortinget, om dei går med på krava til fylkesordførarane kan vi den fyrste januar 2020 ha eit nytt vestlandsfylke.