Hopp til innhold

«Vi får ein forferdeleg jobb»

Fylkespolitikarane reagerer med vonbrot og sinne på kommunalkomiteen si innstilling på nytt inntektssystem. Medan nokre ser håp, er andre direkte sinte.

Djuvik, Brosvik og Kjelsnes

SKUFFA: Frank Willy Djuvik, Trude Brosvik og Åshild Kjelsnes er alle skuffa over resultatet. Men medan enkelte ser moglegheiter, er andre regelrett sinte.

Foto: Montasje/NRK

– Eg hadde nesten lyst å banne, var den første kommentaren frå fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

I forslaget til nytt inntektssystem for fylkeskommunane som vart lagt fram tidleg i mai, var det lagt opp til at Sogn og Fjordane om fem år kjem til å få 237 millionar mindre i inntekter årleg. Kutta skal fordelast over dei neste fem åra.

Dette har vekt sterke reaksjonar hjå fylkespolitikarane. Både vidaregåande skular, ekspressbåtar og vinteropne vegar står i fare for kutt. Fylkesordføraren var sært krass i si tale til fylkestinget i går. Ho kalla forslaget ei "rasering av fylket vi kjenner i dag".

Og Kjelsnes forsøkte på ingen måte å leggje skjul på kor alvorleg ho tykkjer innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen er.

– Sjølvsagt er eg skuffa. Kven ville ikkje vere skuffa over å sjå at området ein bur i vert så totalt tatt ned, og blir vurdert som så verdilaust?

(Artikkelen held fram under tabellen)

Innstillinga frå kommunalkomiteen
Foto: Montasje/NRK

– Auken i tapskompensasjon er ein bagatell

I innstillinga frå komiteen er tapskompensasjon for Sogn og Fjordane auka med åtte millionar kroner årleg, frå 26 millionar til 34 millionar.

– Det er ein bagatell, seier Kjelsnes.

– Det hjelp ikkje dette fylket, det er knapt noko forskjell på om det er 237 eller 229 millionar vi må kutte. Det er unasett enormt store endringar som kjem til å skje, og dessverre betyr det at det eg sa i talen min i går står ved lag, fortset fylkesordføraren.

Fylkespolitikar og ordførar i Aurland, Noralv Distad, er også skuffa. Han har sjølv vore i møte med komiteen og lagt fram det han seier er godt underbygd dokumentasjon på at fylket burde kome betre ut.

– Åtte millionar ekstra i kompensasjon – er det grunn til jubel?

– Me hadde ynskt at dette skulle vorte dempra ytterlegare. Slik sett har vi ikkje fått den utteljinga vi meiner vi burde fått. Dette vert utfordrande. Det er ingen grunn til å bagatellisere det, det vert ei tøff utfordring.

Høyr debatten om inntektssystemet mellom stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, som sit i kommunalkomiteen, og fylkesvaraordførar Jenny Følling:

Håp i hengande snøre eller ikkje?

I innstillinga på nytt inntektssystem kjem det også fram at komiteen skal sjå nærmare på fordelar som andre fylke har. Det inkluderer til dømes fordelane meir sentral strok har av NSB og flytrafikk.

Fylkesordføraren finn ikkje trøyst i det.

– Det burde vore med i kostnadsnøklane, det burde ikkje vere noko ein ser på i ettertid. Det er ein del av jobben dei skulle ha gjort, som dei ikkje har gjort.

Men Noralv Distad ser meir positivt på opningane frå komiteen.

– Dei skal ha ein gjennomgang på kriteria når det gjeld ferje, NSB og flytrafikk. Dette kan ikkje vera hogd i stein, slik at visst me i tida som kjem klarar å dokumentera ting som slår uheldig ut for Sogn og Fjordane, så må det vere høve til å kome tilbake å påpeike det. Vi vil ikkje slå oss til ro med dette.

– Håp i hengande snøre?

– Ja, eg meiner vi har eit godt utgangspunkt for å kjempe fram betre løysingar. Det nyttar når vi gjer eit aktivt arbeid inn mot sentrale strok. Vi fekk ei fin utteljing på ferjeavløysingsordninga.

Skuffa over eige parti

– Dette er alvorleg, seier fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti, Trude Brosvik.

KrF har forhandla fram innstillinga i kommunalkomiteen, saman med Venstre og regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet. Fylkesleiaren kritiserer sitt eige parti.

– Har de gjort ein god nok jobb?

– Eg tykkjer ikkje det. Heilt klart. Med tanke på Sogn og Fjordane og våre spesielle utfordringar, tykkjer eg ikkje dette er godt nok. KrF i Sogn og Fjordane vil stå på heilt til dette kjem på Stortinget. Vi kan ikkje gje oss med dette, seier Brosvik.

Når det gjeld auken på åtte millionar i tapskompensasjon, meiner heller ikkje Brosvik at dette er nok. Ho trur ikkje stortingspolitikarane har forstått konsekvensane av kutta.

– Vi må berre fortsetje å prøve å få fram realitetane i dette. Eg trur ikkje dei som har forhandla om dette har klart å ta inn over seg den fulle og heile kunnskapen om korleis dette vil slå ut. Det gjeld alle fire parti, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tv-sak om innstillinga frå kommunlakomiteen om nytt inntektssystem for fylkeskommune

Tv-sak frå Vestlandsrevyen om kutta i inntekt. Reporter: Sindre Sunde Tveit. Foto og redigering: Ole Andre Rekkedal.

– Sogn og Fjordane er meir enn fylkeskommunen

– Vi heiser ikkje flagget for dette. Vi har fått det litt ned, litt mildare dei første åra. Det gjer at vi får litt tid på oss til å ta dei kraftige kutta. Men dette vert tøft for fylkespolitikarane som skal gjere kutta.

Det seier fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

– Samstundes har vi framleis over to milliardar kroner å nytte til tilbod til innbyggjarane.

– Det hjelper vel ikkje når de må ta for dykk desse kutta?

– Jo, det er veldig viktig å vise til det. Veldig ofte gløymer ein kor mykje pengar ein eigentleg har. Det er ikkje mangel på pengar som nødvendigvis er problemet. Når ein har pengar, venner ein seg til å bruke pengar. Då blir ein vant til at forskjellige tilbod å tenester er der, seier Djuvik.

Han seier det vert nokre tøffe rundar dei komande åra, men ser ikkje berre negativt på det.

– Kanskje er det slik at politikarane har godt av å måtte prioritere mellom enkelte ting og vise politisk handlekraft.

Djuvik ser lyst på framtida for fylket.

– Sogn og Fjordane er mykje, mykje meir enn berre fylkeskommunen. Dette er berre ein liten del av det innbyggjarane har av velferdstilbod og andre ting. Det vert tøft for fylkespolitikarane, tøft for det fylkeskommunale tenestetilbodet. Men totalt sett har fylket alle moglegheiter til å lykkast.

– Ei umenneskeleg oppgåve

Noralv Distad meiner ein viktig grunn til at kutta ser ut til å verte like store som kommuneproposisjonen la opp til, er at fylkespolitikarane har stått åleine. Sogn og Fjordane er eit av svært få fylke som kjem verkeleg dårleg ut.

– Dessverre har me få allierte, for denne endringa rammar først og fremst Sogn og Fjordane. Vi føler det er ein kamp vi har måtta kjempe åleine.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier det vil verte mange tøffe kampar dei komande åra.

– Vi folkevalde står framføre ein forferdeleg jobb. Dette ønskte vi ikkje på nokon måte. Vi ønskte å utvikle og byggje fylket vidare. Klart, det skal vi fortsetje å gjere, men kjære vene: når du samstundes må ta ned så mange millionar av tenestetilbod, så blir det ei umenneskeleg oppgåve, seier ho.

Saka skal endeleg avgjerast i Stortinget 18. juni, men det er venta at Stortinget vil stille seg bak dagens innstilling med støtte frå regjeringa og støttepartia.