Hopp til innhold

Dette er turistane sine seks favorittar

På den kjende nettstaden Tripadvisor, som mange turistar brukar for å finne sitt reisemål, dominerer Sogn fullstendig. Nordfjord og Sunnfjord kjem langt nede på lista.

Flåmsbanen

NUMMER FEM: Flåmsbana kjem får aller flest meldingar, men hamnar på femte plass på turistane si liste over favorittar. Sjå lista lenger nede.

Foto: NTB/ SCANPIX

Turistane rangerer på ein skala med fem verdiar: Ypparleg, svært bra, gjennomsnitt, dårleg og forferdeleg. I tillegg skriv dei ei «melding», og dei finst på alle slags språk og inneheld ofte informasjon om turen, aktiviteten, reiseform, pris og anna.

Under "Ting og Gjøre i Sogn og Fjordane" er lista som følgjande:

1. Sognefjorden

129 meldingar: 106 ypparleg, 21 svært bra og 2 gjennomsnitt.

Utvalde meldingar:

«Overwhelming feeling, completely hypnotized. You could stay hours and hours looking those mountains and the fjord», skriv ein brukar.

«Du kan aldri bli lei av å se storheten til fosser eller skjønnheten i fjordene. Enestående skjønnhet", skriv ein annan som er lamslått av det som møtte han.»

Sognefjorden, Nessane

NESSANE: Sognefjorden frå Nessane i Balestrand.

Foto: Keir Ørnehaug

2. Nigardsbreen

127 meldingar: 106 ypparleg, 18 svært bra og 3 gjennomsnitt.

Utvalde meldingar:

«Det er bare fantastisk å bli minnet på underverket vi lever i.»

«Glaciers just don`t come better than this. The glacier is a spectacular sight. What a beauty»

Luster Turlag på bretur på Nigardsbreen

BREVANDRING: Her er det Luster Turlag som er på bretur på Nigardsbreen.

Foto: Tore Sønnesyn

3. Båtturar

Samlekategori, der alle seks båtturane er i Sogn. På topp ligg FjordSafari i Flåm.

193 meldingar: 183 ypparleg, 8 svært bra, 1 gjennomsnitt og 1 forferdeleg.

Utvalde meldingar for FjordSafari:

«Var på en magisk RIBtur innover Nærøyfjorden. Anbefales på det sterkeste!! Vår guide, Gustav, strålte av fortellerglede. Det gjorde mye av turen».

«Yeng og jeg hadde den beste trugevandring opplevelse av vår levetid med Fjordsafari!! Utsikten fra toppen utsikt over glitrende snødekte fjell ned til det storslåtte Fjord var uvurderlig.», skriv ein brukar frå Singapore.

4. Stegastein Lookout

125 meldingar: 98 ypparleg, 23 svært bra, 3 gjennomsnitt, 1 dårleg.

Utvalde meldingar:

«(Det var) sol, og fjorden under lå speilblank og fjellene omkring speilet seg i fjorden. Så vakkert at man blir fuktig i øyekroken.»

«Amazing viewpoint to see the fjords and the whole landscape.»

Aurlandsfjorden frå Stegastein

STEGASTEIN: Her ser du Aurlandsfjorden frå Stegastein.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

5. Flåmsbana

1505 meldingar: 788 ypparleg, 453 svært bra, 181 gjennomsnitt, 49 dårleg og 34 svært dårleg.

Utvalde meldingar:

«Å ta toget opp og ned er en fantastisk reise med fantastisk utsikt og opplevelser. Koster litt, men det gjør all severdighet.»

«If you are in the area, this is an essential stop. The views and waterfalls are incredible. The tunnels and engineering is remarkable. I can't imagine anyone passing this excursion.»

Flåmsbanen

FLÅMSBANA: Heile 1505 personar har gjeve sine meldingar om den populære togturen.

Foto: NTB/ SCANPIX

6. Borgund Stavkyrkje

105 meldingar: 70 ypparleg, 33 svært bra, 2 gjennomsnitt.

«Rettferdige priser for norske forhold! Fantastisk stavkirke! Det er veldig interessant å lære om kultur og måter som gjør at folk i tidligere århundrer bygd for eksempel forseggjort kirker! Definitivt et sted verdt et besøk!»

«Stavkirker er vakre, men dette er et spesielt godt innredet. Utrolig kirke. Ikke gå glipp av et besøk!!», skriv Celia frå Frankrike.

Borgund stavkyrkje

STAVKYRKJE: Borgund Stavkyrkje.

Foto: Stig Indrebø/NRK

– Vi brukar Tripadvsior aktivt

Det finst meldingar frå turistar på mange språk. Blant dei ein finn med ein kjapp gjennomgang av meldingane for listetoppen Sognefjorden er engelsk, tysk, nederlandsk, spansk, portugisisk fransk, russisk, japansk.

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord gler seg stort over Sogn sin dominans på lista, og seier dei brukar Tripadvisor meir og meir.

– Vi følgjer med så mykje me kan. Både vi i Visit Sognefjord og bedriftene brukar Tripadvisor aktivt.

Mellom anna oppmodar dei turistar om å bruke Tripadvisor både på nettstader og i resepsjonar og andre stader bedriftene møter turistane.

Ståle Brandshaug i Flåm

NØGD: Ståle Brandshaug.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Slike brukarstyrte nettstader har blitt ei veldig viktig del inspirasjonskjelde for turistane. Dess betre me scorar der, dess meir besøk kjem det. Tripadvisor kan vere skiljet mellom «skal» og «skal ikkje» for turistane.

– Og får vi dårlege tilbakemeldingar kan vi gå konkret til verks for å rette det opp att.

– Stort forbetringspotensial i Nordfjord

Sunnfjord og Nordfjord kjem som nemnt langt nede på lista. Produktsjef i Reisemål Stryn og Nordfjord Ann-Helen Blakset, seier Nordfjord har mykje å gå på i bruken av Tripadvisor.

– Dette er kanskje det viktigaste sosiale mediet i verda når det gjeld reiseliv. Vi har stort forbetringspotensial. Mange reiselivsbedrifter er i startgropa enno. Nokre har kome langt, men andre heng etter, seier Blakset

Ho har ikkje noko klar forklaring på kvifor Sogn scorar betre enn Nordfjord, men trur meir aktive aktørar kan vere ei forklaring.

I vår har Reisemål Stryn og Nordfjord hatt arbeidssamlingar for bedriftene, med fokus både på Facebook, Tripadvisor og bedriftene sine nettsider. Dei jobbar med ein ny nettstad saman med Fjord Norge, der Tripadvisor skal ha ein stor del av presentasjonen av bedriftene.

– Vi har mykje å gå på, men vi jobbar aktivt med det, seier Blakset.