Det er så vidt ei veke til verdscupen i langrenn startar. Men skal ein gå på ski må ein ha snø, og fleire stader er det stor mangel på det.

Per i dag er Sognefjellet den einaste staden i landet med skikkelege langrennsforhold, og det veit den tsjekkiske langrennsløparen Marin Koukal å utnytte. Han er forundra over at ingen andre er å sjå i løypene som av mange vert rekna som dei beste i heile Europa nett no.

– Det er fabelaktig. Det skjer ikkje ofte at du kan gå ute i så fint ver, og ha alt for deg sjølv, seier Koukal til NRK.no.

Flytta V-cupopning grunna snømangel

Medan mange gler seg over det milde og fine haustvêret er det ikkje alle som jublar like høgt. Dei som gler seg til å spenne skia på beina for å konkurrere må smørje seg med tålmod skal dei gå på fin snø her i Norge.

Neste helg er det verdscupopning i langrenn og den har allereie måtte flyttast på grunn av snømangel. Arrangørane på Sjusjøen lovar likevel at dei skal ha snø på plass.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Koukal - FLOTT: Den tsjekkiske skiløparen seier forholda er perfekte og at han får trent både klassisk og skøyting i dei fine løypene på Sognefjellet. - Foto: Anders Fortun /

FLOTT: Den tsjekkiske skiløparen seier forholda er perfekte og at han får trent både klassisk og skøyting i dei fine løypene på Sognefjellet.

Foto: Anders Fortun

Men her er det perfekte forhold

På Sognefjellet er derimot situasjonen ein annan. Her speglar sola seg i nypreparerte løyper vel 1400 meter over havet. Koukal som trenar med eit austerriksk langdistanselag seier dei lenge har vore på leiting etter gode treningsforhold.

Det beste dei kunne finne i Europa er per dags dato nettopp Sognefjellet.

– Den beste plassen vi kunne finne for å trene var Sognefjellet, seier langrennsløparen.

Har ikkje sett nokon andre

Koukal får støtte frå trenaren sin Marc Hausen. Han seier dei perfekte forholda på Sognefjellet gjer det mogleg å trene både klassisk og skøyting. Dei lange løypene gjer og at det ikkje treng forandre mykje på treningsprogrammet sitt.

– Dette er veldig bra for denne årstida, seier Hauser.

Det at dei har løypene så godt som for seg sjølve ser dei også som ein fordel. I flott vêr og i stille omgjevnader kan dei konsentrere seg om å kome seg i form.

– Det er gode løyper og vi kan konsentrere oss 100 prosent om treninga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Koukal på Sognefjellet - ÅLEINE: Martin Koukal får ha løypene heilt for seg sjølv. Han forstår ikkje kvifor nordmennene held seg unna. - Foto: Anders Fortun /

ÅLEINE: Martin Koukal får ha løypene heilt for seg sjølv. Han forstår ikkje kvifor nordmennene held seg unna.

Foto: Anders Fortun

– Kvar er nordmennene?

Men kvar er eigentleg alle nordmennene lurer både Koukal og trenaren. Sjølv om dei gler seg over å ha løypene for seg sjølve forstår dei ikkje heilt kvifor ikkje fleire nyttar seg av dei flotte forholda.

– Sit dei heime og gjer ingenting? Vi hadde trudd at det ville vere fullt at nordmenn her, men her er jo absolutt ingen, seier Koukal.