Hopp til innhold

Dette er alt som er att av vogna etter tunnelbrannen

BREMANGER (NRK): Det er ikkje mykje som er att av tankbilvogna etter brannen og eksplosjonen i Skatestraumtunnelen onsdag i førre veke.

Utbrend tankbilvogn

UTBREND: Det er lite att av vogna etter at elden har herja.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Det er ikkje mykje som er att av tilhengarvogna som for ei veke sidan losna og small i fjellveggen vel 500 meter inne i Skatestraumtunnelen frå nordenden.

Lasta med 16.500 liter bensin førte uhellet til ein eksplosjonsarta brann i den undersjøiske tunnelen. I dag vart restane av hengaren henta ut, samt det utbrende vraket av ein personbil som vart forlaten under brannen.

Måtte vente på grunn av tekniske problem

Opphavleg skulle vraket vorte henta ut i går kveld, dersom gassnivåa i den undersjøiske tunnelen tillet det, men på grunn av tekniske problem med ferja på strekninga Måløy-Oldeide, vart operasjonen utsett til i dag.

Restane av tilhengarvogna skal sjekkast av inspektør frå Statens Havarikommisjon for transport. Havarikommisjonen har vedteke å gjere ei utvida forundersøking av hendinga i Skatestraumtunnelen.

Skadane i tunnelen er svært omfattande, og det er førebels for tidleg å seie kor lang tid reparasjonsarbeidet vil ta.

Fraktar vraket vekk

SKAL SJEKKAST: Restane av vogna skal undersøkjast av inspektørar frå Statens havarikommisjon.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK