Hopp til innhold

NVE oppjusterer flaumvarselet for Vestlandet

Frå torsdag ettermiddag er det venta store nedbørsmengder på Vestlandet. NVE har sett flaumvarselet opp til gult nivå for fredag.

Utvik i regn

MYKJE VATN I VENTE: Slik såg det ut i Utvik i slutten av oktober i fjor.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Norges vassdrags- og energidirektorat melder at det kraftige regnvêret kan føre til rask auke i vassføringa i elver og bekkar.

Torsdag føremiddag oppjusterte dei flaumvarselet for nesten heile Vestlandet. På grunn av store nedbørsmengder dei komande to dagane, er det varsel på gult nivå for:

  • Sogn og Fjordane
  • Hordaland
  • Møre og Romsdal

Sjå flaumvarselet på varsom.no | Sjå OBS-varselet på Yr.no

Opp mot 170 mm på 36 timer

– Vinden kjem frå sørvest, og lokalt kan det kome mellom 140 og 170 millimeter regn på 36 timar, seier statsmeteorolog Steinar Skare.

Og det er mellom klokka 18 torsdag og 18 fredag det blir mest intenst. I Ålfoten i Bremanger, til dømes, kan det ifylgje yr.no i verste fall kome over 120 millimeter på desse 24 timane.

Fleire andre stader på Vestlandet er det venta ein stad mellom 60 og 90 millimeter på eitt døgn.

OBS-varsel 25.11.15

INTENST: Kartet viser kvar det kjem til å kome mest regn.

Snøsmelting i tillegg

I tillegg stig temperaturen til opp i 10 grader pluss mange stader. Det betyr at mykje av den snøen som har kome i fjellet vil kome nedover fjellsidene i form av vatn. I ei bygd som Jostedal kjem det i verste fall over 50 millimeter på eitt døgn, og kombinert med snøsmelting vil det føre til at vassføringa i elva stig kraftig.

NVE sende onsdag kveld ut eit varsel på gult farenivå. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane seier det betyr at det er ein auka fare for flaum og jordskred.

– Lokalt kan snøsmelting i tillegg til store nedbørsmengder føre til flaum, så det er absolutt noko ein bør ta omsyn til. Snøgrensa kjem til å ligge på mellom 1500 og 1700 meter, og då er det ein del snø som kjem til å smelte.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, Sogn og Fjordane

PÅ VAKT: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– På alvor

Fylkesberedskapssjefen reknar med at kommunane rundtom i Sogn og Fjordane gjer dei tiltaka dei kan for å avverje og avgrense skadar.

– Vår erfaring er at dette tek kommunane veldig på alvor. Men kommunane kan ikkje gjere alt, privatfolk og elveeigarar og folk som bur langs vassdraga bør og gjere sin del av jobben, mellom anna med vedlikehald av stikkrenner.

Vindfullt blir det og på Vestlandet, opp i sterk kuling på kysten og i fjellet, og ved Stad er det varsla full storm.