Hopp til innhold

Vil ta betalt for nyhende på nettet - men slett ikkje alle er villige til å betale

Avisene slit med fallande opplagstal. Firda vil satse meir på internett for å vinne ungdommen som sviktar papiravisa, og vurderer betaling på nett. Reaksjonane blant ungdommen er blanda.

Ida, Henriette Haugholt, Hanna Kåsastul

LIKAR PAPIR: Studentane Ida, Henriette Haugholt og Hanna Kåsastul likar papir, les mest nett, og er skeptiske til betaling på nett.

Foto: Eirik Hildal / NRK

I dag kom opplagstala for avisene i Noreg. Alle avisene i Sogn og Fjordane hadde ein nedgang i tala betalte abonnement. Den største nedgangen i totale tal hadde Sogn Avis og Firda. Firda mista over 500 abonnentar i fjor.

Redaktør i Firda, Yngve Årdal, seier nedgang var forventa, men større enn venta og større enn tidlegare år. I staden for å sjå mørkt på framtida, vel han å gle seg over 48.000 daglege lesarar av papiravis, nettavis og mobil.

For få unge vel papiravisa

For redaktøren trur papiropplaga vil fortsetje å falle, og meiner Firda må følgje utviklinga.

– Lesarane flyttar seg frå papir til digitalt, så det er viktig for oss å utvikle den digitale publiseringa, seier Årdal.

Det er dei unge lesarane som sviktar papiravisene, seier Årdal.

– Det er for få unge lesarar som oppsøker den tradisjonelle papiravisa. Vi trur det er på nett og mobil vi får tak i dei yngre lesarane, og kjem til å satse meir på det framover, seier han.

Spørsmål om tid før du må betale for nettavis

Etter kvart som lesarane flyttar seg frå papir til internett, vil redaktøren vurdere betaling for nettavisa.

– Vi ser jo at store aviser som Bergens Tidende, VG og Aftenposten tar betaling for redaksjonelt innhald. Dei har lukka større eller mindre deler av sitt innhald på nett. Det er noko som også Firda har til vurdering.

Yngve Årdal,, Firda

VURDERER BETALING: Redaktør i Firda, Yngve Årdal, trur det er eit spørsmål om tid før ein må betale for lokalavisene på internett.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg ser ikkje bort frå ikkje at det kjem til å skje. Eg trur faktisk det kjem til å skje. Spørsmålet er vel eigentleg kva tid det kjem til å skje, seier Årdal.

Det er eit spørsmål redaktøren ikkje kan svare på enno.

– Vi må ta omsyn til fleire ting. Det er ikkje beint fram å byrje å ta betalt for innhaldet. Skal vi lukke oss inne, eller skal vi vere opne slik og ha alt det viktige som skjer i Sogn og Fjordane på nett? Det er slike vurderingar vi må ta.

Ein prat med ungdommar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane syner at alle har eit forhold til lokalavisa. Alle les lokalaviser og set pris på dei.

Men haldningane varierer, både når det gjeld valet mellom papir og nett, og når det gjeld betaling for nettaviser.

Les papiravisa hjå foreldra

– Eg les alltid Fanaposten når eg er hjå foreldra mine. Eg kjem definitivt til å abonnere på papiravisa i framtida. Eg likar dei artige, lokale nyhendene. Og så er det noko med følelsen av å ha avisa i handa, og kunne bla i ho, seier Ida frå Bergen.

Venninna hennar, Henriette Haugholt frå Florø, les Firdaposten for å få med seg kva som skjer.

– Eg les papiravisa på skulen eller på besøk hjå nokon, elles les eg på nett. Eg abonnerer ikkje, og trur heller ikkje eg kjem til å betale på nett, seier Haugholt.

Den tredje i veninnegjengen les Telemarksavisa på nett.

– Eg tykkjer det er koseleg med papiravis, så det kan hende eg kjem til å abonnere. Men eg kjem ikkje til å betale med betalingsmur på nett, seier Hanna Kåsastul.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sebastian Espeland

GREITT MED BETALING: Det er jo ei avis, så kvifor skal vi ikkje betale også på nett, lurar Sebastian Espeland.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Har ikkje råd til å abonnere

Studentane Helge Ullebust (29) og Sebastian Espeland (24) er frå Førde og les Firda. Begge nyttar i hovudsak nettavisa. Men også dei les papiravisa når dei er på besøk hjå foreldre eller kjente.

– Akkurat no som student har eg ikkje råd til å abonnere. Men det er noko heilt eige med å ha avisa i nevane og slappe av med ho. Så eg kjem sikkert til å abonnere, ja, seier Ullebust.

Tone Vågseth med ungar

PAPIRAVIS BEST: Tone Vågseth saman med ungane Ulrik, Sunniva og Martha.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det er meir tungvint med papiravis, så eg tykkjer det er veldig greitt med nettet. Det er berre fair med betaling på nett. Det er jo ei avis, så kvifor ikkje, spør Espeland.

Tone Vågseth (32) frå Masfjorden held ikkje lokalavisa.

– Det er litt dyrt for ting som vi kan lese gratis på nettet. Det er mykje kjekkare med papiravis, men då går eg til mor og far min for å lese, ler ho.

– Hadde det kome betaling på nett hadde eg sikkert ikkje lest, seier Vågseth.

– Er så gamaldags at eg les på papir

Høgskulelektor Sissel Kristoffersen (55) frå Florø abonnerer på ikkje mindre enn tre aviser: Firdaposten, Firda og Bergens Tidende.

– Det er veldig avslappande og oversiktleg. Det er det eg likar best. Så eg er enno sopass gamaldags at eg les på papir, ler Kristoffersen.

Betaling for nettaviser har ho ingen problem med.

– Eg er inne på nettet om eg ikkje har papirutgåva tilgjengeleg. Eg ville nok betalt for det, seier lektoren.

Ekteparet Erling og Else Kåsine abonnerer på Sogn Avis, men er ueinige om valet mellom nett og papir.

– Det er godt å ha ho i handa og lese, i staden for å gå på nettet heile tida, seier Erling.

– Eg føretrekkjer nett, fordi der får eg stadige oppdateringar, seier Else.

Sissel Kristoffersen

AVSLAPPANDE: Sissel Kristoffersen føretrekkjer papiravisa

Foto: Eirik Hildal / NRK