Hopp til innhold

Det er gode sjansar for kvit jul

Veret i perioden fram mot jul skal ifølgje meteorologen bli svært kaldt. Og: det skal vere gode utsikter til kvit jul.

Hvit jul

KVIT JUL: Mange håpar på kvit jul, og ifølgje meteorologen er sjansane for det i år store.

Foto: Elise Amendola / AP

- Det er kaldare luft på veg inn i området. Tysdag kveld vil temperaturane byrje å falle merkbart, seier meteorolog Ingmar Vikane.

- Det blir heilt klart vinterleg framover, seier han.

Størst sjansar i ytre strok

NRK har tidlegare meldt at vinteren for alvor står for døra. I neste veke kan temperaturane fort hamne på under ti minusgrader mange stader i fylket.

Og: det kan bety at vi får kvit jul.

- Den nedbøren som måtte komme, vil helst komme som snø. Men det er nok mest i dei ytre strok at vi kan vente nedbør, seier Vikane.

Lang periode med kaldt vêr

Ifølgje meteorologen kan det komme noko nedbør allereie til helga. Og ettersom neste veke ser ut for å bli svært kald, kan snøen bli liggjande heilt fram til jul.

- Kor sikre er prognosane?

- Eg kan seie så mykje som at alt tyder på at vi får ein lengre kaldversperiode. Men det er klart; detaljane er framleis usikre, seier Vikane.

- Så du lovar ikkje kvit jul - men det er ein sjans for det?

- Det er sjeldan ein så tydeleg kan sjå ein så lang og kald periode. Så sjansane skulle vere gode, slik eg ser det, seier meteorologen.