Hopp til innhold

Det blir ikkje asylmottak her

Det blir ikkje asylmottak på Løkjaneset på Eid. UDI har i dag informert ordførarar på heile Vestlandet om kor nye mottak kjem.

Tidl. Eid Verft på Løkjaneset i Eid
Foto: Ottar Starheim / NRK

UDI har avvist Norsk Mottaksdrift sitt anbod på etablering av asylmottak på Løkjaneset på Haugen. Dermed vert det ikkje asylmottak i Eid kommune i denne omgang, opplyser ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V).

Kort tid etter at dette vart det kjend kom det fram at Norsk Mottaksdrift får opprette eit nytt mottak med 160 plassar i Førde. I Jølster får Norsk Folkehjelp fornya kontrakten sin og har fått ei auka i plassar på over 50.

Det har lenge vore venta at det ville bli etablert asylmottak i Eid. Tanken var å nytte brakkeriggar ved verftet til mottak. Stigedalshytta øvst i Stigedalen skulle i tillegg kunne brukast, i tillegg til andre bustadar og leiligheiter i Eid.

Vekkasta tid

Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) seier dei tek avslaget til vitande.

– Dette har teke ein god del tid og krefter i administrasjonen. Dette er jo heilt utanfor kommunen sin kontroll, men likevel må vi førebu oss og legge til rette om mottaket skulle kome. Slikt tek kapasitet, og eg har sagt til liks med mange andre ordførarar at systemet eigentleg er ganske håplaust. No konsentrerer vi oss om det vi har sagt vi skal gjere, nemleg å ta i mot og busetje flyktningar.

Ifølgje UDI region vest handla avslaget om økonomi.

– Dei tilboda som blei avviste no i siste runde handlar om at dei var for dyre i høve til dei rammene som vi kan tilby, seier regiondirektør Sissel Mehammer.

– Tek det med stor ro

Eigaren av verftsområdet på Løkjaneset John Olav Lefdal seier han tek avvisinga av asylmottak med stor ro, trass i at han går glipp av ei inntektskjelde ved å leige ut brakkeriggar på industriområdet.

– For meg er det heilt greit om det er andre som kan levere rimelegare. Det var fyrst Eid kommune som kom med spørsmål om brakkeriggen vår. Når det ikkje blei noko av var det Norsk Mottaksdrift som tok kontakt.

John Olav Lefdal

ANDRE PLANAR: Eigar av industriområdet på Løkjaneset, John Olav Lefdal har andre planar for området no.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Lefdal seier han har mange planar for industriområdet på Løkja i Eid.

– Dette er jo berre snakk om brakkeriggen, og dette er inga stor sak for oss. Det er lite tid og pengar vi har brukt på dette. Vi har alt førespurnader om brakkeriggen, det er stor byggeaktivitet i Eid no så dette er ikkje noko problem. Vi jobbar med mykje spennande og store ting for Løkjaneset.