Hopp til innhold

Desse vil bli ny distriktsredaktør

Fire personar har søkt på stillinga som ny distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Trond Hovland, Ole Johannes Øvretveit og Terje Gilleshammer

NY REDAKTØR: Trond Indrebø Hovland, Ole Johannes Øvretveit og Terje Gilleshammer kan alle bli den nye distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane. I tillegg er det éin søkjar der namnet er unnateke offentlegheit.

Foto: NRK/Privat

– Fire søkjarar til stillinga tykkjer eg er bra. Erfaringa er at det ikkje alltid er mange søkjarar til slike leiarstillingar, seier Kai Aage Pedersen, regiondirektør i NRK.

Desse har søkt på stillinga:

  • Terje Gilleshammer (37) frå Kjølsdalen i Eid. Gilleshammer er i permisjon frå jobben som faglærar i Nynorsk mediesenter, og jobbar som vaktsjef i nyheitsredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane. Han vore tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan 2004.
  • Trond Indrebø Hovland (59), frå Kongsberg. Tidlegare journalist i mellom anna NRK og Agderposten. Hovland har vore ansvarleg for A-pressa si nettsatsing.
  • Ole Johannes Øvretveit (49) frå Gaular. Øvretveit jobbar som vaktsjef i Firda Media AS, og har mellom anna arbeidd i Bergensavisen og som journalst i NRK Sogn og Fjordane.

I tillegg er det ein fjerde, mannleg søkjar der namnet er unnateke offentlegheit.

Pedersen seier det no blir sett i gang intervjurundar, ot målet er å tilsette den nye redaktøren så raskt som mogeleg.

– Eg er trur det skal vere mogegele å finne ein god redaktør blant desse søkjarane.