Hopp til innhold

Kevin og Svein er ikkje som andre mannlege pensjonistar

Dei har ein hobby utanom det vanlege, og møtast jamleg for å utøve den. Møt «broderarane» Kevin Purdy Hawkes (70) og Svein Erik Karlsen (69) i Kvammen i Askvoll:

Det er nok mange flere mannfolk som driver med dette, men de er nok litt for flau til å si det. I Kvammen i Askvoll møtes to karer jevnlig for å dyrke sin litt unike mannfolk hobby.

SJÅ VIDEO: Kevin Purdy Hawkes (t.h.) og Svein Erik Karlsen er for alvor bitne av broderingsbasillen. – Dette kjem vi til å halde på med til det siste, seier dei.(Foto/redigering: Johan Moen/NRK)

Det har gått kring 20 år sidan dei ved eit slumpetreff fann ut at dei to deler den same store interessa, brodering.

Sidan har dei møtast jamleg for å diskutere hobbyen, og ikkje minst utøve den.

– Den dagen eg ikkje har noko å sy på, då er eg ikkje heilt med. Den dagen er øydelagd, slår Svein Erik Karlsen (69) fast der han sit med eit broderi i fanget i stova til Kevin Purdy Hawkes (70).

Ikkje godt å mangle tråd

For framfor å stire på TV, plukkar dei heller fram eit broderi.

Måleri av Kevin Purdy Hawkes

MÅLERI: Kevin Purdy Hawkes driv også med måleri.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg har hatt dagar der eg har mangla tråd, og då blir eg ikkje god å ha med å gjere, ler Karlsen.

– Det kan eg godt forstå. Eg blir så irritert om eg manglar ein farge, at eg set meg i bilen og reiser til Førde så eg får halde fram, kommenterer Hawkes med eit smil.

Fann broderi i ein skuff

Dei to karane er begge tilflyttarar til Kvammen og Askvoll. Husmålar Hawkes kom til Askvoll frå England i 1976 og gifta seg med Liv. Seinare flytta dei til Kvammen i same kommune.

Det var her han trefte på østfoldingen Karlsen. Begge fatta interesse for brodering då dei jakta på noko å gjere medan dei var sjukmelde.

– Eg var sjuk i 14 dagar på slutten av 70-talet og kom over eit broderi i ein skuff som Liv var byrja på. Eg tykte det såg interessant ut og vart fascinert. Liv viste meg korleis det skulle gjerast, og då var det gjort, humrar Hawkes.

– Mange vi ikkje veit om

– Eg byrja på eit broderi, og det utvikla seg. Så vart eg meir og meir avansert. Då var eg biten av basillen, gliser Karlsen og vedgår han gjerne sit oppe til langt på natt for å brodere.

Broderikameratane, eller «såmennene i Kvammen», som dei blir kalla lokalt, trur det er langt fleire menn som driv med broderi som hobby.

– Det blir lagt merke til at mannfolk driv med dette, men det er nok mange vi ikkje veit om. Dei tykkjer nok det er flautt, meiner dei.

– Lett å komme i gang

Hawkes har sjukdomen MS, men det har ikkje hindra han i å lage eit broderi på 600.000 sting. For med all mogleg slags detaljar handverk har han halde sjukdomen i sjakk. I tillegg til brodering, lagar han svært detaljerte måleri av fuglar og blomar, og han byggjer modellskip.

Eitt av Kevin Purdy Hawkes sine broderi.

243.000 STING: Dette er eit broderiet av ein teppemarknad i Tyrkia.

Foto: Johan Moen / NRK

Då helsa hans hindra han i å vere med å byggje grendehus for bygda, gav han heller nokre broderi å pynte veggane med.

– Dette er ein hobby fleire burde sjå til å drive med. Ein god start er den lokale sybutikken eller internett, seier Hawkes som sjølv nytta internett då Svein trengde noko nytt å sy på.

Syr mest for seg sjølve

Men «symennene i Kvammen» vedgår at brodering ikkje er noko hobby dei blir rike av. Sjølv om Karlsen har tent nokre kroner på å selje gjennom ulike vekeblad.

No syr dei mest for eiga interesse, samt nokre bestillingsverk.

– Om ein først skulle få seld nokre stykke, så får ein sjeldan betalt for dei mange hundre timane med arbeid som ligg bak, fortel Hawkes.

– Det er som med alt handverk, ein får nesten ingenting att det, sjølv om folk er aldri så imponert, avsluttar han.