Hopp til innhold

Desse kan skapa fyrste storkommunen i Sogn

SOGNDAL (NRK): Sogndal, Leikanger, Balestrand og Luster siglar opp som den heitaste storkommunen i Sogn, for til og med Luster-ordføraren held fusjonsdøra bitte litt på gløtt.

Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd, Harald Offerdal, Ivar Kvalen

STORKOMMUNE SIGLAR OPP: Ordførarane Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal, Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger, Harald Offerdal (Ap) i Balestrand og Ivar Kvalen (Sp) i Luster

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster utgjer allereie i dag ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Og kommunane utfyller kvarandre på ein god måte, seier ordførar i Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Det har vore knytt spenninng knytt til kva storebror i Sogn – Sogndal – vil gå for i kommunesamanslåingsarbeidet. Og på det store felles formannskapsmøte for alle dei ni kommunane i Sogn regionråd i Sogndal i dag, staka Aarvoll ut to alternativ: 1) Nordsidekommunane og 2) eit stor-Sogn med alle kommunane frå Balestrand, Vik og innover.

Leikanger positive

Heilt til i dag har kommunereforma i Sogn ikkje kome seg av flekken.

Grunnen er mellom anna den nyleg avslutta valkampen, sterk motstand i kraftkommunane Luster og Aurland, og Sogndal sin otte for å skremma Luster frå seg viss storebroren blei for pågåande.

Bent Aslak Brandtzæg

STOR-SOGN: Ein storkommune i Sogn utan Høyanger, Aurland og Luster er den mest realistiske konstellasjonen, sa Bent Aslak Brandtzæg frå Telemarksforsking på det felles formannskapsmøtet i Sogndal i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Leikanger har det politiske miljøet venta på Sogndal sitt utspel.

– Me ønskjer å gå vidare med dette nordsidealternativet, fordi me har mykje felles. Me har sams identitet og vil kunne utfylla kvarandre på mange område, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger, som presiserer at det ikkje er gitt at dette blir sluttresultatet.

Balestrands-ordførar er glad

Det er seks år sidan Aarvoll tok til orde for ein storkommune frå Hella til Fantesteinen på Sognefjellet. No er òg Balestrand teken inn i varmen.

– Me er sjølvsagt glad for å bli inkludert i det, for dette er eit av alternativa me har vedteke at me skal arbeida vidare med, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

Balestrand har òg arbeidd fram ein intensjonsavtale for ein storkommune med Høyanger og Hyllestad. Det er viktig for oss å òg ha eit alternativ innover, seier Offerdal:

– Historisk høyrer med til i indre Sogn. Det er der me føler at me høyrer heime. Det viser òg ei innbyggjargransking: Fleirtalet i Balestrand vil innover, seier Offerdal, som legg til at òg eit stor-Sogn med alle eller dei fleste av sognekommunane framleis er eit aktuelt alternativ.

Ivar Kvalen og Trude Risnes

HELD DØRA PÅ GLØTT: – Om Stortinget tvingar Luster inn i ein fusjon, er nordsidealternativet det me kan akseptera, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp), her i diskusjon med varaordførar Trude Risnes (V, t.h.) i Leikanger og Monica Finden (H) frå Aurland

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Luster held døra på gløtt

Skepsisen mot kommunesamanslåing i Luster er vel kjent, og ordførar Ivar Kvalen (Sp) har vore kategorisk negativ til fusjon.

Men i dag kunne formannskapsmedlemmene i dei ni sognekommunane høyra litt andre tonar frå Kvalen:

– Luster ønskjer å bli verande eigen kommune – det ligg fast. Men dersom Stortinget tvingar Luster inn i ein fusjon, er ein storkommune på nordsida av Sognefjorden det alternativet me kan akseptera, seier Kvalen.