Hopp til innhold

Deppar over nei til vindmøller

NVE ville skåne naturen og sa nei til vindmøller i Bremanger – men reiselivstopp trur han ikkje ville ha tapt ein einaste turist på grunn av vindkraftanlegg.

Svein Inge Fosse

KRITISK: Svein Inge Fosse ved Knutholmen i Kalvåg, trur ein vindmøllepark på Bremangerlandet hadde vore positivt og ikkje negativt for samfunnet.

Foto: Bjarne Eldevik

– Eg føler det er store positive samfunnsmessige konsekvensar. Det vil påføre oss mykje positiv på transportsida, så då får vi heller slite med visuell forureining, seier eigar og gründer bak Knutholmen i Kalvåg, Svein Inge Fosse.

Men NVE er av ei anna oppfatting, og har sett foten ned for utbygging av vinkraftprosjektet på Bremangerlandet. Årsaka er at dei meiner den visuelle belastinga i området blir for stor. Fosse trur derimot ikkje turistane har noko i mot å sjå vindmøller.

– Vi les turistbrosjyrar frå Spania og Frankrike, der ser vi ofte åskantar med vindmøller på. Her er vi i ein av landets største kommunar, så eg trur her er godt med plass.

Vindmøller

OMSTRIDT: Vindkraftanlegg er omstridde, og på grunn av at fleire prosjekt i eit område har fått ja, har prosjektet på Bremangerlandet fått nei.

Foto: Roald Levi Halsør

Held fast på avslag

Til no har prosjekta Okla på Stad, Mehuken og Vågsvåg i Vågsøy og Hennøy og Guleslettene i Bremanger og Flora fått løyve til utbygging, og dermed er det nok meiner NVE.

Rune Flatby

NEI: Rune Flatby i NVE meiner den visuelle belastinga i området blir for stor, og har difor sagt nei til vindkraftutbygging på Bremangerlandet.

Foto: NVE

– Det blir eit relativt dominerande syn, spesielt når ein kjem inn fjorden blir det eit massivt inntrykk når ein kjem inn. Og det er eit hakk for mykje, seier Rune Flatby, sjef for konsesjonar i NVE.

Prosjektet har vore omstridd sidan det kom på dagsorden. Vestavindkraft som står bak konsesjonssøknaden på Bremangerlandet vurderer å anke avgjerda til Olje- og energidepartementet.

Kritisk til verneretorikk

Medan turistverten i Kalvåg deppar over avslaget, er den andre som er glade for avgjerda.

– Dette er eit av dei mest fantastiske frilufts- og naturområda vi har. Dersom det vart gjeve konsesjon til alle, så ville ein frå Hornelen sjå seks vindkraftverk, og det er mykje. I eit så rikt område med både gode landskapsopplevingar og turmål, ville det vore veldig trist med eit industrianlegg med høgt støynivå, seier Elisabeth Dale, koordinator i Forum for Natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane.

Fosse meiner utbygging vil gje positiv utvikling for samfunnet, noko som trengst dersom folk skal halde fram med å bu i fylket. Samstundes er han kritisk til ordbruken og argumentasjonen til dei som er for vern.

– Det er ikkje ein einaste stein i Sogn og Fjordane som ikkje er heilt unik og må vernast. Eg reagerer litt på språkbruken der, seier han.