Hopp til innhold

Denne twittermeldinga skapar engasjement

Ei twittermelding frå ein parodikonto i Klima og- Miljøministeren sitt namn får no stor merksemd.

Tine Sundtåft - parodi

KJELDESORTERING: Slik lyder meldinga som dukka oppe på twitterkontoen til nokon som gir seg ut for å vere miljøministeren.

Foto: skjermdump - twitter.com

Med teksten «Husk å kildesortere. Matavfall skal i grønn pose, og gruveavfall skal i uerstattelige fjorder» har denne twittermeldinga bein å gå på, skriv Dagbladet.

Klokka 22 måndag kveld har 633 personar retweeta melding og 397 har markert den som favoritt.

Artig tweet

Meldinga vart publisert dagen etter at regjeringa sa ja til gruvedrift i Vevring i og avfallsdeponi i Førdefjorden. Natur og Ungdom opplyser til NRK at 1000 personar no har skrive seg på lista som seier at dei er villige til å utøve sivil ulydnad om nødvendig.

– Tweeten er artig, men eg er jo ikkje einig i bodskapet. Vi har følgt Miljødirektoratets råd i denne saka og landa på ei løysning som er miljømessig forsvarleg, seier Klima- og Miljøminister Tine Sundtoft (H) til avisa.

Endre standpunkt

Etter at Sundtoft bad Miljødirektoratet om å vurdere økonomiske fordelar ved gruvedrift og ikkje berre ei rein miljøvurdering endra dei standpunkt. Regjeringa meiner dette kan skape 500 nye arbeidsplassar i Noreg og vil ha strenge tiltak for at dei negative miljøeffektane skal bli mindre.

– Alternativet til sjødeponi hadde vore å leggje gruvemassane på land, noko som i dette tilfellet ikkje ville vore betre for miljøet, seier ho.