Hopp til innhold

Denne mynten kan forandre historia

I historia står det skrive at engelskmannen William Cecil Slingsby var den første som kom seg opp på Store Skagastølstind. Men no kan det ha komme bevis for at ein nordmann var først på toppen.

Fann mynt på Store skagastølstind

SPENNANDE FUNN: Med historia om Store Skagastølstind i bakhovudet, var det ein skjelven Jørn Hofsø Hjellnes, som fann ein gamal mynt, gøymd under ein av stein der varden stod. No håpar han at den kan bevise at det var ein nordmann som først stod på toppen av den mektige fjelltoppen.

Foto: Privat

Slingsby var ifølgje historia på Store Skagastølstind, eller Storen, i 1876, men det har blitt debattert om norske Amund Lammers (1804-1871), landmålar og geolog frå Buskerud, stod på toppen før engelskmannen.

– I boka Emanuel Mohn og Jo Gjendes fotspor av Trygve M. Røer frå 2004, blir utdrag av eit brev frå Aage Lammers frå 1906 attgjeve. Han hevdar at far hans, Amund Lammers var på Store Skagastølstind i 1827 saman med ein Berge. Berge gav seg før toppen, men Lammers nådde heilt opp og la att nokre myntar, skriv Jostedalen historielag på sine nettsider.

Fann gamal mynt under varden

Frilansjournalist Arne Larsen er den som har sett historia om Lammers i fokus. I ein artikkel hevdar han at det er godt mogleg at Lammers tok seg til toppen 50 år før Slingsby. Sjølv har han vore på Store Skagastølstind med metalldetektor utan å finne myntar. Men no kan det manglande leddet i historia vere på plass.

I slutten av august var Jørn Hofsø Hjellnes frå Harstad på Storen saman med eit klatrelag på fire mann i samband med at varden ramla ned i løpet av våren og sommaren. Då Hjellnes skulle feste sikring på toppen for å få opp dei fire andre, flytta han på ein stein der varden hadde stått. Under den, delvis dekka av gjørme, finn han ein mynt.

(Saka held fram under biletet)

Store Skagastølstind

MAJESTETISK: Ifølgje dei som kjenner Store Skagastølstind er det ikkje rart at folk knivast om å ha vore den første på toppen.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

– Eg blei umiddelbart litt sett ut og litt småskjelven. Eg er ikkje nokon myntekspert, men eg ser at denne mynten er gammal. Men så roa eg meg ned og fekk opp dei fire andre. Vi hadde sete i leiren kvelden før og snakka om denne historia i tillegg, så vi var litt gira heile gjengen.

Send til myntekspert

Hjellnes har sjølv klatra mykje i fjell gjennom heile livet og er interessert i historie. Denne historia kom han over for mellom åtte og ti år sidan i artikkelen til Arne Larsen.

– Den mynten er det vi håpar er det siste beviset vi manglar på at Amund Lammers var den første som var på toppen, seier Hjellnes.

Då han kom heim igjen med mynten begynte han forsiktig å nøste opp i saka. Han sende ei melding til ein kjenning i Norgesguidene AS, og spurte om han hadde høyrt noko om myntar på Store Skagastølstind. Det hadde han, men sa at om Hjellnes hadde funne noko slik var det ingen som kom til å tru han. Då han fekk bilete av mynten, var han derimot klar på at Hjellnes måtte halde fram.

– Så no er mynten i trygg forvaring på Naturhistorisk museum og skal røntgenfotograferast, seier Hjellnes som no ventar spent på å få vite meir om mynten.

– Veldig spennande

Jostein Aasen

SPENT: Tindeførar Jostein Aasen er usikker på om dette i det heile teke er ein mynt, men seier det hadde vore stort om ein nordmann var først på Store Skagastølstind.

Foto: Privat

Sjølv kunne han ikkje sjå inskripsjonar på mynten, men det kunne mynteksperten, som no skal sjå nærare på den.

– Det er ei spennande historie om eit spennande fjell, og eg synest rett skal vere rett. Det som er fakta er at det er funne ein gamal mynt der. Det kan godt hende at den kan vere frå etter Slingsby si tid, men det kan også vere at den er endå eldre enn Lammers også.

Jostein Aasen er tindeførar på Storen. Han kjenner godt til historia til fjellet, også om Lammers og myntane. Aasen seier dette er noko som har vore snakka om i klatremiljøet i mange år, heilt sidan Arne Larsen begynte å grave i historia.

– Det er veldig spennande, og det vil vere veldig flott for norsk fjellhistorie om ein nordmann var først. Om det viser seg å stemme er det mange historieskrifter som må skrivast om, seier Aasen.

Store Skagastølstind, eller Storen, er Norges tredje høgaste fjelltopp, og er det einaste av dei tre høgaste toppane i landet som krev klatring for å nå toppen.