Hopp til innhold

Alle trudde Stomperud døydde i Lærdalsbrannen - ti månadar etter dukka han opp...

Da Liv Hønsi måtte flykte frå heimen sin i Lærdal under brannen, fekk ho ikkje med seg sin kjære katt Stomperud. Ho trudde han var borte for alltid. Ti månadar seinare fekk ho ein overraskande telefon.

Katten Stomperud kom tilbake til matmor 10 måneder etter brannen i Lærdal.

Da Lærdal sto i brann i januar, brann huset til Liv Hønsi. Ho fekk ikkje med seg katten Stomperud, og trudde ho aldri ville få sjå han igjen. Ti månadar seinare fekk ho ein telefon ho seint vil gløyme: Nokon hadde funne Stomperud!

Foto: Jan Erikstad/ DYREVERNLAGET INDRE SOGN

Katten Stomperud har levd utendørs i ti månadar

KATTEN MED NI LIV: 10 månader etter storbrannen i Lærdal var Stomperud tilbake hos matmor.

Foto: Dyrevernlaget Indre Sogn

– Ho Randi ringde meg, og fortalde at ho trudde dei hadde funne han. Eg var ikkje sikker på at det var min katt, for han hadde jo vore borte så lenge, men ho Randi var heilt sikker, fortel Liv Hønsi frå Lærdal.

I går fekk ho ein telefon litt utanom det vanlege. Det var Randi Aarethun som ringde ho med ein heilt utruleg beskjed:

Stomperud, ein sju år gammal mons, vart funnen gåande ute i bygda, tilsynelatande forlaten av eigaren sin.

Men historia om Stomperud er ikkje ei historie om eigarar som forlèt katten sin, og det er heller ikkje ei historie om ei katt utan eit heim.

Det er historia om ei katt som overlever alt – og som kjem heim til slutt.

Det var noko grådig kjent med monsen ...

– Me trengde ei gladhistorie no, seier Aarethun hos Dyrevernlaget Indre Sogn.

Det var naboen hennar som la ut eit bilde på Facebook av ei katt som gjekk rundt i Lærdal utan å finne heimen sin. Han var tynn og litt pjusk, og såg ut som han hadde vandra ute ei stund.

Randi Aarethun

LITT DETEKTIVARBEID: Randi Aarethun i Dyrevernlaget Indre Sogn kunne etter litt detektivarbeid ringe Liv Hønsi og fortelje at ho hadde funne katten hennar, Stomperud, som hadde vore vekke i ti månadar.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Akkurat der og da visste ikkje Aarethun kor lenge katten hadde vore ute på vandring. Men ho hadde ei kjensle av at det var noko grådig kjent med monsen, så ho sette seg ned for å gjere litt detektivarbeid.

Ho leita igjennom bildearkivet til Dyrevernlaget for å sjå om ho kunne finne nokre spor. Og vips, så dukka det opp eit bilete av det som måtte vere den heimlause katten, rett nok i ei litt meir velfødd utgåve.

Ho var ikkje i tvil: Katten på biletet og katten utan heim måtte vere den same.

Dermed heiv ho seg på telefonen og ringde til Liv Hønsi, eigaren til katten på biletet, og spurte:

– Liv, har du katten din?

– Nei, katten min døydde i brannen, svara Liv.

Men ti månadar etter brannen i Lærdal skulle det vise seg at Stomperud, som katten til Liv heiter, ikkje døydde i brannen likevel. Han har nemleg levd utandørs sidan januar!

(Artikkelen held fram under biletet.)

Katten Stomperud (7) før han vart borte etter brannen

FØR BRANNEN: Slik såg skogskatten Stomperud ut før brannen.

Katten med ni liv

No er Stomperud tilbake hos matmor. Liv Hønsi flytta etter brannen, og derfor var det nok vanskeleg for katten å finne tilbake til heimen sin.

– Det er jo heilt utruleg, seier matmor, som har ein katt som hittil i livet har opplevd og overlevd ganske mykje:

– Han falt ned frå terrassen i blokka der vi budde fleire gongar, og så fekk han kattepest. Og no har han altså overlevd brannen.

No skal Stomperud få kome seg til hektene igjen, med masse mat og omsorg. Sjølv om han er litt skvetten etter ti månadar i villmarka, er han tillitsfull og klar for kos. Men Hønsi trur nok det blir ei stund til ho slepp monsen ut igjen, sjølv om han har vist at han kan overleve det meste.

– No har han vel brukt ganske mange av dei ni liva sine!