Hopp til innhold

No kjem journalen som kan berge livet ditt

FØRDE (NRK): Søndag 1. mars fekk du ditt eige digitale oppslagsverk med utvald helseinformasjon. – Den kan vere skilnad på liv og død, trur prosjektleiaren.

Hans Johan Breidablikk

FAGDIREKTØR: Hans Johan Breidablikk trur den nye kjernejournalen blir ein nyttig og viktig reiskap.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Innføringa av kjernejournalar er i full gang i Sogn og Fjordane. Dette er eit nytt nettbasert journalsystem der helsepersonell raskt og enkelt får tilgang på viktige opplysningar om pasientar.

– Har pasienten ein raud kjernejournal, er kritisk sjuk eller allergisk mot medisin, så er dette informasjon ein kan formidle til ambulansepersonell som er på veg til pasienten, seier Ove Nordstokke som er prosjektleiar i Helse Vest.

Vil trenge hjelp

Arbeidet med å få naudsynt informasjon kan i dag vere tungvint. I tillegg kan det by på problem med pasientar frå andre delar av landet, eller som ikkje kan kommunisere.

Kjernejournal

KJERNEJOURNAL: ​Kjernejournal er ein ny elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di, som både du som innbyggarar og helsepersonell har tilgang til. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i din kjernejournal.

Foto: Skjermdump / helsenorge.no

Nordstokke seier innbyggjarane vil spele ei viktig rolle i startfasen. Han opplyser at kjernejournalen vil mangle ein del viktige opplysningar i starten.

– Pasientane kan gå inn via helsenorge og leggje inn informasjon. Så tek helsepersonell løysinga i bruk frå 14. april, seier prosjektleiaren.

Helsepersonell er no i ferd med å få opplæring og innføring i systemet.

Prøvt i Stavanger

I Helse Stavanger har dei i eitt år vore med i ei prøveinnføring. Her har kring 9.000 innbyggjarar vore aktivt inne i prosjektet og lagt informasjon inn i journalen.

– Det har vore eitt problem i Stavanger, at det har vore lite brukt. Så i starten av mars kjem ein kampanje mot innbyggjarane, med ein god del opplysningar om kva dette er og korleis ein kan få tak i den, seier fagdirektør Hans Johan Breidablikk i Helse Førde.

Fagdirektøren trur ikkje at sjukehusa vil få størst gevinst av systemet.

– Vi ser vel ikkje føre oss at det skal bli rutinemessig oppslag. Eg trur det blir ein nyttig reiskap, men per i dag aller mest nyttig for legevakter, seier Breidablikk.