Hopp til innhold

Den nye banksjefen vil kjempe for sjølvstendet

Påtroppande banksjef Trond Teigene har eitt mål for direktørgjeringa. – Den dagen eg går av, så håpar eg verkeleg at hovudkontoret til banken framleis ligg i fylket, seier han.

Trond Teigene sparebanken sogn og fjordane

KLAR FOR OPPGÅVA: Trond Teigene er klar til å ta over som administrerande direktør for Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane tilsette i dag Trond Teigene som ny administrerande direktør. 47-åringen har hatt ulike roller i banken og kjem frå stillinga som direktør for Strategi og Forretningsutvikling.

Frå 1. april tek han over for Arvid Andenæs, som i august offentleggjorde at han ville trekkje seg.

Trond Teigene kjenner seg klar for oppgåva.

– Eg har jobba i banken i femten år og kjenner organisasjonen godt. Det føler eg er eit godt utgangspunkt for å utvikle banken vidare, seier han.

Vil kjempe for sjølvstendet

Som banksjef forventar han å møte mange utfordringar i åra som kjem. For han blir det difor ein viktig jobb å sjå inn i glaskula og forsøke å spå utviklinga. For det er mykje som står på spel.

Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane

PROFILERT BANKSJEF: Det er ein synleg banksjef, Arvid Andenæs, som no takkar av. Trond Teigene seier han vil at banken skal halde fram rolla som pådrivar i fylket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Den dagen eg går av, så håpar eg verkeleg at hovudkontoret til denne banken framleis ligg i fylket. Då har vi gjort noko rett. Viss det ligg ein annan plass, så har vi mista betydeleg kraft, vi har mista arbeidsplassar og nærleik til fylket, seier Teigene.

Og her er det umogleg å komme utanom det som har vore den heitaste saka i fylket den siste tida. Teigene er blant dei som er overraska over fylkespolitikarane si avgjerd om å selje Fjord1-aksjane til Torghatten og er uroa for kva som vil skje med hovudkontoret i Florø.

– Dei som har valt å selje Fjord1 vil påstå at det ligg garantiar om at hovudkontoret framleis vil vere her, men eg tykkjer det er utruleg naivt. Alle som kjenner til den typen transaksjonar veit at der kapitalen sit, der blir det bygd opp. Kanskje ikkje over natta, men over tid forvitrar det, når kapitalen sit ein annan plass, seier han.

Fylkesordførarar Jenny Følling har tidlegare sagt at aksjonæravtalen sikrar både hovudkontor og kontorfunksjonar i Florø, noko konsernaksjonær Frode Folkestad i Torghatten òg har stadfesta.

– Vil vere ein pådrivar i fylket

Han skildrar seg sjølv som engasjert og inkluderande. Ein sjef som både set tydelege krav, men som òg gjev fridom til dei rundt han.

– Eg får ikkje til noko åleine, så eg er avhengig av å få med meg heile organisasjonen på det vi skal gjere, seier Teigene.

Forgjengaren Arvid Andenæs har vore profilert og synleg i media. Teigene har ambisjonar om å vere det same, men seier han treng tid vekse inn i rolla. Uansett meiner han det er naturleg at banken tek ansvar i samfunnsutviklinga.

– Dersom det går bra med fylket, så går det bra med banken. Difor engasjerer vi oss, seier han.