Hopp til innhold

Den einaste sogningen som smilte...

SOGNDAL – LEVANGER 1–3 (NRK): Publikum forlèt Fosshaugane allereie før kampslutt. Sogndal-spelarane hang med hovudet. Ørjan Hopen jubla vilt i nabogarderoben.

Ørjan Hopen (bak t.v.) i aksjon mot gamlelaget og Robin Shroot (t.h.)

HAPPY SOGNING: Ørjan Hopen (bak t.v.) i aksjon mot gamlelaget og Robin Shroot (t.h.) Hopen var kanskje den einaste sogningen med eit smil om munnen etter kampen.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg er kanskje den einaste sogningen som synest dette var stas. Det var ein viktig siger for oss, seier Ørjan Hopen.

Midtbanespelaren med oppvekst i Sogndal stod fram som ein av dei beste spelarane på motstandarlaget, då han for første gong var tilbake på gamle trakter etter overgangen til Levanger.

Med to målgjevande pasningar hadde han grunn til å vere nøgd med eigen innsats.

Så bra var han, at publikum gan han applaus då han vart byta ut i andre omgang.

– Det var ei spesiell oppleving å vere her. Det er jo sjeldan eg har vore i bortelagsgarderoben. Og hyggjeleg å få applaus på veg ut. Det set eg stor pris på, seier Hopen.

Laster innhold, vennligst vent..
Fotball

Hopen var sentral i det som skjedde

Det var for så vidt også ein av dei svært få gongane publikum på Fosshaugane gav applaus for noko som helst. For det var heller ikkje grunn til å juble for det Sogndal presterte:

Allereie etter seks minutt gjekk Levanger opp i føringa. Målgjevande pasning: Ørjan Hopen. Deretter dobla trønderane etter 26 minutt. Målgjevande pasning: Ørjan Hopen ...

– Han har blitt viktig for oss etter kvart. Han har vore litt ut og inn av laget, og kanskje ikkje vore skjerpa nok på dette nivået. Men no er han på plass. Og då er han viktig også defensivt, seier assistenttrenar Sturla Voll på Levanger.

Petter Strand skyt like utanfor

NESTEN: Sogndals Petter Strand scora det einaste målet for heimelaget. Her eit skot som strauk like utanfor.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi spelar dårleg i 90 minutt

Sogndal gjekk til pause med to baklengs etter ein begredeleg omgang. Og det vart ikkje stort betre etter kvilen. Levanger gjekk opp i 0-3, før Petter Strand pynta på resultatet med eit fint skot frå 15 meter. Men så var det også slutt.

Medan jubelen stod i taket i Levanger-garderoben, var det deppa spelarar frå heimelaget som møtte pressa etter kampslutt.

– Vi spelar dårleg i 90 minutt. Er ikkje der vi skal vere i det heile teke, korkje individuelt eller kollektivt. Så dei vann fullt fortent. Levanger var betre enn oss i alt, seier ein sjølvransakande Rune Bolseth.

fotball

Avviser at dei undervurderte motstandaren

Kapteinen er skuffa over at Sogndal opna kampen dårleg, og at heimelaget aldri klarte å komme seg inn att i oppgjeret. Spelarane verka uinspirerte. Laget stod fram som planlaust.

– Undervurderte de Levanger?

– Nei, eg føler ikkje det er tingen. Men vi gjer mykje feil, og vi gjer feil val med ballen.

– Det såg heilt planlaust ut?

– Når vi har ein så dårleg dag som i dag, så blir det sjeldan bra. No må vi berre leggje det bak oss. Det er få dagar til neste kamp. Vi må opp veldig mange hakk.

– Det var ein nitrist kamp, seier Rune Bolseth.

PS: Fredrik Flo var eit anna lyspunkt for Sogndal. 18-åringen debuterte i seriesamanheng, og fekk spele 20 minutt på slutten av kampen.

Victor Grodås i duell med Bendik Bye

SCORA TO: Tomålsscorar Bendik Bye i duell med Victor Grodås.

Foto: Steinar Lote / NRK