Hopp til innhold

Stian har fire jobbar - og alle dreier seg om å berge livet for andre menneske

Vanlege folk har éin jobb å halde seg til, og dei veit når dei skal arbeide og når dei har fri. Stian Helgheim frå Førde har fire jobbar og er alltid på vakt. Livet hans dreier seg nemleg om å berga andre sine liv.
Vanlege folk har éin jobb å halde seg til, og dei veit når dei skal arbeide og når dei har fri. Stian Helgheim frå Førde har fire jobbar og er alltid på vakt. Livet hans dreier seg nemleg om å berga andre sine liv.

FIRE UNIFORMER: Stian Helgheim har meir å hengje fingrane i enn dei fleste. Han er både ambulansearbeidar, brannmann, redningsdykkar og hundeførar.

– Det er ein heilt fantastisk jobb. Eg kunne aldri ha hatt ein kontorjobb eller noko slikt.

Den allsidige redningsmannen jobbar 100 prosent som ambulansearbeidar. Han har òg brannvakt éi veke i månaden. I tillegg er han alltid klar til å rykke ut som redningsdykkar og hundeførar.

– Det er jo forskjellige jobbar, men dei har same mål: å hjelpe folk.

– Alt som kan gå gale, går gale

Som ambulansearbeidar er Helgheim med på alt frå dødsulukker på glatte vegar til planlagt skyssing av sjukeheimspasientar. Som brannmann kjempar han med alt frå øydeleggjande brannar til kattar i tre.

(Artikkelen held fram under videoen)

Stian Helgheim har ikkje berre ein, men fire jobbar. Og oppgåva er uansett å redde liv.

SJÅ TV-SAK: Stian Helgheim har fire jobbar, som alle handlar om å berge liv.

Når han arbeider som redningsdykkar har han på seg utstyr som veg 50 kilo. I tillegg har han ofte verktøy som kniv og hammar med seg på oppdrag. Det er i tilfelle han sjølv sit fast eller må få laus dei han skal redde.

– Når vi hoppar uti frå ei høgde på fem meter med fullt utstyr, har vi ein fart på 60 km/t når vi treff vassflata. Vi har ikkje alltid tid til å sjekke forholda på botnen fyrst, så dersom det står armeringsjern eller slike ting der, kan det gå gale.

– Det er ikkje utan risiko at du hoppar uti, altså?

– Nei, det er det ikkje. Det er jo veldig spanande, men det er vel den jobben eg er mest redd i. Murphys lov er nok veldig aktuell i jobben min.

Redsla han kjenner på før han skal ut på eit oppdrag kallar han ei positiv redsle som skjerpar sansane, og gjer han meir medviten om risiko og sikkerheit. Slik gjer han ein betre jobb, trur han.

– Eg har sete fast i ei elv i dykkarutstyr. Då trudde eg at min siste time var komen og at det var slik eg skulle forlate denne verda. Men med god hjelp av kollegaane som stod på andre sida av lina, klarte eg å kome meg ut av det. Sit du fast ein stad, er du heilt avhengig av at kompisane kan redde deg ut.

– Du seier kompisane. Ser du på kollegaene dine som kompisar?

– Ja, absolutt. Vi jobbar tett i lag og finn på ting saman på fritida. Slik blir vi godt kjende.

– Kollegaane er mine livreddarar

Helgheim understrekar kor viktige kollegaene er i alle jobbane han driv med. Både når det gjeld stressmeistring, tryggleik og motivasjon.

– Vi har faste folk vi jobbar i lag med, og då veit vi stort sett alt om kvarandre. Alt frå kva vi har på brødskiva om morgonen til kva filmar vi likar, men òg kva vi blir stressa av og kva vi er flinke på. Vi kan sjå på kvarandre og vite kva den andre tenkjer utan at vi treng å seie noko. Det trur eg er veldig viktig for denne typen jobb.

– Har kollegaene noko å seie for motivasjonen din?

– Ja, det trur eg. Å vere redningsdykkar, til dømes, er ei frivillig teneste, og vi står på vaktlista 365 dagar i året. Då går motivasjonen i bølgjer, men vi kollegaene byggjer kvarandre opp. Det er òg viktig at forholdet til dei ein jobbar med er så godt at det ikkje blir ein stressfaktor, sidan arbeidet i seg sjølv er så stressande.

Sidan dei kjenner kvarandre så godt, ser dei òg fort når ein av dei ikkje har det så godt.

– Vi merkar det jo på kvarandre viss vi har vore gjennom ein periode med mange trasige ting. Det er til dømes ei stor psykisk belastning å hente opp folk som har vore ei stund i vatn. Då er det godt å ha gode kollegaer som passar på ein.

– Vi er nok litt spesielle som har slike jobbar.

Å gjere ein skilnad

Det skal mange år med utdanning og store mengder trening til for å meistre fire så krevjande jobbar som Helgheim gjer. Og så tek jobbane uhorveleg mykje av tida hans.

– Kor mange timar jobbar du i veka?

– Har ikkje peiling. Eg har ikkje rekna på det, men det er ein del. Det er alltid noko som skal gjerast.

– Har du fri nokon gong?

– Eg har faktisk meir fri enn kva ein skulle tru. Når eg har brannvakt er eg jo heime i beredskap. Då kan eg ikkje drikke alkohol eller reise ut av byen, men eg kan jo vere med vener og reise på trening.

Dermed er det ikkje rom for impulsive sydenturar og andre spontane påfunn i kvardagen til Helgheim. Han må planleggje og organisere i god tid i førevegen når han skal utanbys.

– Kvifor held du på med alle desse jobbane, då?

– Mennesket er egosentrisk – vi gjer det fordi vi likar det. Men eg synest det er kjekt å hjelpe andre, og få prøvd meg i dei ulike jobbane og få mange ulike erfaringar. Eg er veldig glad for at eg har tillit hos arbeidsgivarane mine slik at eg kan drive med alt dette. Og så likar eg fart og spenning!

Så om du er i naud ein stad i Sogn og Fjordane, enten det er til lands, til vanns eller i lufta med, er sjansen stor for at det nettopp er Stian Helgheim som bergar deg.

– Når det går bra og du ser at du gjer ein skilnad – det er det som held deg gåande.