Sist gong Lars Lillo Stenberg gjesta Målrock var med 1985-besetninga i 2008, men denne gongen kjem heile bandet som har stått for ein god del av dei største landeplagene i norsk popmusikk i mangfoldige år. DeLillos får æra av å opne årets festival som første artist ut fredag ettermiddag, og bookingsjef Bjørnar Svortevik er godt nøgd.
– Vi føler vi presenterer solide og varierte artistar til festivalen i år, og programmet er blant dei beste i Målrockhistoria, seier han i ei pressemelding.
Bergtatt har sterke band både til rocken og folkemusikken, og debuterte i fjor med plata Røter, som fekk mykje merksemd.
– Konserten til Bergtatt på By:Larm i 2009 vart lagt merke til i festivalleiinga, og det er ikkje tilfeldig at dei no er klare til Målrock, melder bookingsjefen. Bergtatt spelar også fredag, saman med John Olav Nielsen & Gjengen, Bob Hund og Bjørn Hellfuck, som set ein førebels strek for festlegheitene fredagskvelden.
Artistrekka til årets festival ser dermed slik ut: Dumdum Boys, Bare Egil Band, Sivert Höyem, Bob Hund (S), Black Debbath, Staut, John Olav Nilsen & Gjengen, Odd og Bjørn Hellfuck klare til festivalen.