Hopp til innhold

Dei vil bytte kommune - her får ordføraren underskriftslista

BALESTRAND (NRK): Innbyggjarane i Lånefjorden og Nessane leverte i dag ei underskriftsliste til ordføraren i Balestrand med krav om endring av kommunegrensa. No vil dei til Høyanger.

Levrer underskrifter

LEVERTE UNDERSKRIFTER: Leiar i Nesse Grendelag, Norodd Baug, leverte 102 underskrifter til ordføraren i Balestrand.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Bakgrunnen er den omstridde nedlegginga av Nesse Oppvekstsenter, som gjer at borna heilt vest i kommunen får opp mot 45 minutt reiseveg til skulen, kvar veg.

Leiar i Nesse Grendelag, Norodd Baug, seier dei vil flytte kommunegrensa slik at barna kan gå på skule i Høyanger i staden.

– Vi har hatt kjensla av at dei ikkje har forstått alvoret og kor viktig det er at vi får behalde skulen. At ein stor skule er betre enn små einingar, har vi ikkje tru på, seier han.

Stor oppslutnad i bygda

Engasjementet har vore stort etter at skulen på Nessane vart nedlagd. Foreldra har kjempa innbite for å få endra vedtaket, utan at dette har hjelpt. Dei steile frontane kom også til syne under kommunevalet, der Senterpartiet, som er eitt av partia som har stått på for grendeskulane, dobla oppslutnaden sin.

Lista som ordføraren fekk i hende i dag, er underskriven av 102 personar, noko Baug karakteriserer som svært stor oppslutnad.

– Det er bortimot hundre prosent av dei som bur her, og det er eit klart ja til å søkje om overflytting til Høyanger, seier Baug.

Sjølv om ei overflytting til Høyanger vil bety at borna må pendle dit, meiner Baug det uansett er betre enn kvardagen deira i dag.

– Stort verre enn det er no, kan det ikkje bli. Høyanger kan ikkje gje oss eit dårlegare tilbod enn det Balestrand gjer no, seier Baug.

Etter at grendaskulen i ytre del av Balestrand blei lagt ned og elveane har fått ein time lenger skuleveg, vil folket der heller bli ein del av nabokommunen Høyanger. No har de starta underskriftsaksjon.

Håpar kommunen forstår alvoret

Trebarnsmor Anne-Johanne Bjordal har eit håp om at Balestrand kommune snur i skulesaka.

– Vi håpar at dei skal forstå alvoret og opne opp att for 1.–4. klasse ved Nesse oppvekstsenter, seier Bjordal.

Ho bur sjølv i Lånefjorden, og borna hennar har 45 minutt å pendle til skulen i Balestrand. Hadde dei gått på skule i Høyanger, hadde reisetida vore ti minutt.

– Det seier sitt. Det er altfor langt for små born å sitje så lenge på buss, seier Bjordal.

Skulesaka har skjerpa frontane

Balestrand-ordførar Harald Offerdal frå Arbeidarpartiet seier dette er signal dei vil ta med seg i det vidare arbeidet med skulestrukturen.

– Det er eit stor engasjement og vi må ta på alvor. Eg ser det som naturleg å kople opp mot kommunesamanslåingsprosessen vi er i gang med. Der er Høyanger og Hyllestad eitt av alternativa.

– Har skulesaka splitta kommunen?

– Vi ser at det har skjerpa frontane. Det er ei utfordring for oss.

– Kva vil ei liste med underskrifter føre til?

– Det er sterke signal og eit klart uttrykk for misnøye, men eg vil ikkje føregripe det politisk. Vi må ta med oss dette vidare, seier Offerdal.