Helene Bergsholm er ei av to som er nominert til beste kvinnelege hovudrolle. Den andre er svenske Noomi Rapace for rolla i "Babycall". Og Helena er temmeleg sikker på at Amanda-figuren hamnar i Sverige.
– Eg trur nok ikkje det går min veg. Noomi Rapace fortener prisen, eg er nøgd med å vere nominert.
(Artikkelen held fram under biletet).
KLARE FOR FEST: Malin Bjørhovde og Helene Bergsholm trur ikkje på pris, men vil ha det gøy.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Malin Bjørhovde er nominert i klassen beste kvinnelege birolle, i tevling med Cecilie A. Mosli («Kompani Orheim)» og Linn Skåber («Kong Curling»). Heller ikkje ho trur det blir pris.
– Vi såg «Kompani Orheim» i går, eg trur ikkje eg har sjanse mot Cecilie A. Mosli, ho spelar utruleg godt.
TO AV TRE ER NOMINERTE: Helene Bergsholm (t.v.), og Malin Bjørhovde (i miden) er nominerte til kvar sin pris. Til høgre Beate Støfring.
Foto: Marianne Bakke/Motlys/Norsk Film Distribusjon
– Veldig gøy
Men begge jentene synest det er stor stas å vere i Haugesund og få vere med på årets store filmhappening.
– Det er veldig gøy, eg forstår det ikkje heilt, vi forstår det vel når vi kjem inn i salen, og ein eller annan seier «De nominerte er...», seier Malin.
Korkje ho eller Helene har førebudd nokon takketale, så sikre er dei på at dei ikkje får pris.
– Eg greier ikkje å førestille meg at det blir aktuelt, det er så usannsynleg, og uansett trur eg ikkje at eg greier å seie så mykje om det skulle bli meg som vinn, seier Helena.
– Det var så overraskande at vi vart nominerte, så vi reknar med at overraskingane er brukte opp, seier Malin.
Ho fortel at heime i Eid sit ein familie som er redd for andre typar overraskingar.
– Familien min er veldig bekymra for at eg skal gjere noko dumt.
FRÅ OPPTAKA: Helene Bergsholm under opptaka til filmen.
Foto: Trond Sørås / VG
(Artikkelen held fram under biletet).
Filmen er nominert til i alt seks prisar
Ingen av dei har hoppa på noko nytt tilbod innan film enno, dei skal utdanne seg vidare begge to, ingen av dei innan film eller teater. Malin skal til Barcelona for å studere, Helene skal til Oslo.
Men også filmen dei spela i, «Få meg på for faen», bygd på boka med same namn av
Olaug Nilssen
, er nominert, i klassen beste norske kinofilm. Dei andre nominerte er «Babycall», «Kompani Orheim» og «Pushwagner».
I tillegg er «Få meg på for faen» nominert i tre andre kategoriar: Marianne Bakke for beste foto, Jannicke Systad Jacobsen for beste filmmanus og Ginge Anvik for beste musikk.