Hopp til innhold

Her nektar dei godta den nye adressa - fryktar bygdenamnet skal forsvinne heilt

Hadde du protestert om du fekk beskjed om at adressa di vart endra? I mange bygder går det no ein ganske så heit namnediskusjon.

Norvald Erdal og Unn Grete Horsevik

NAUSTDALSVEGEN: Norvald Erdal og Unn Grete Horsevik i Erdal i Førde nektar godta Naustdalsvegen som ny adresse.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

For no skal nemleg alle husstandar få både gatenamn og nummer. Sogn og Fjordane er det fylket som kjem dårlegast ut i landet, her er det over 50.000 personar som ikkje har vegadressa.

Og utan vegadresse er det vanskeleg for både ambulansar og utrykkingskøyretøy å finne fram. Det blir det no gjort noko med.

Men namneforslaga frå kommunane fell slett ikkje i god jord hos alle. I Erdalen i Førde kommune er bygdefolket varsla om at dei kan få adressa Naustdalsvegen.

Norvald Erdal har heile bygda bak seg når han seier dei framleis vil ha Erdalen som adresse.

– Dette har med identitet å gjere, og om å kunne plassere seg i landskapet. Om Naustdalsvegen blir det gjeldande som adresse er vi redde namnet Erdalen vil forsvinne, seier han til NRK.no.

Svært mange manglar gateadresse

Det er Miljøverndepartementet som har bestemt at alle i Norge skal få ei gateadresse og eit nummer. I fjor haust viste tal frå Kartverket at det berre er i 33 av dei 428 kommunane i landet at alle innbyggjarane har ei vegadresse.

Sogn og Fjordane kjem spesielt dårleg ut, der berre 40 prosent av hus og eigedommar har vegadresse.

I fleire kommunar går det no føre seg eit storstila arbeid med å rette opp i dette, mellom anna i Førde.

(Artikkelen held fram under)

Erdalsdalen utanfor Førde

FÅR HALDE PÅ BYGDENAMNET: Folk som bur langs sidevegen oppover Erdalsdalen får namnet Erdal i adressa si, altså Erdalsdalen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Fryktar namnet vil forsvinne

Der har dei fått oppleve at nye gatenamn slett ikkje er rett fram. I Erdalen har bygdefolket samla seg i protest mot det føreslåtte namnet «Naustdalsvegen».

– Folk heilt frå Førde sentrum ved Storehagen bru og heilt til kommunegrensa til Naustdal skal etter planen få namnet Naustdalsvegen. Det meiner vi er eit altfor stort geografisk område. Det vil bli vanskeleg å orientere seg for dei som ikkje er kjente, seier Norvald Erdal i Erdalen.

Innbyggjarane har skrive brev til kommunen der dei ber om å få behalde Erdalen som adresse.

Unn Grete Horsevik er redd for at folk utanfor vil gløyme namnet Erdalen, dersom det ikkje lenger blir i bruk som adresse.

– Eit namn som ikkje er i bruk vil forsvinne, seier ho.

Dei som bur langs sidevegen oppover Erdalsdalen får framleis behalde stadnamnet i adressa si, og skal etter planen få adresse Erdalsdalen. Lenger nede i bygda er dei klare til å kjempe for Erdalen.

– Trur du det er vits i å prøve protestere på denne måten?

– Det er alltid vits, meiner Horsevik som lovar at dei ikkje vil gje seg med det første.

(Artikkelen held fram under)

Trond Ueland

SKAL LYTTE: Trond Ueland i Førde kommune lovar at dei vil lytte til innspela frå innbyggjarane når dei no skal bestemme nye gatenamn.

Foto: Rune Fossum / NRK

Brukar namn på staden vegen går mot

I Førde kommune har kommunalsjef Trond Ueland fått klagebrevet på sitt bord.

– Dette viser eit stort engasjement, noko eg forstår godt. Det handlar om å høyre til ein plass. Er ein oppvaksen i ei grend, vil ein gjerne halde på namnet.

Han lovar at kommunen skal gå i dialog med innbyggjarane, men ber om forståing for at kommunen må følgje ein del retningslinjer når det gjeld nye gatenamn.

– Det spesielle i denne saka er at det er ein tilførselsveg. Då er det retningslinjer som seier det er lurt å bruke desse namna i adressa, altså at vegen går mot Naustdal, Askvoll og liknande, seier han.

Han seier prosessen dei no går inn i er lang. Namna skal mellom anna på bordet hos ein namnekonsulent frå Språkrådet, i tillegg til at politikarane skal vurdere dei fleire gonger.

– Viktig at utrykkingskøyretøya finn fram

I Gloppen har kommunen jobba med nye gatenamn i fleire år. Kultursjef Jan Kjetil Øygard seier også dei har opplevd eit enormt engasjement. Kommunen har vore lydhøyre for innspela og køyrt fleire rundar med høyringar.

– Dette med identitet blir i stor grad trekt fram i diskusjonane. Folk er redd namn skal forsvinne, seier han.

Han meiner samtidig det er viktig at folk forstår at det vil vere umogleg å få med alle namn som ligg langs ei vegstrekning.

– Det skal vere logisk og praktisk. For utrykkingskøyretøy er det viktig at det er ei logisk oppbygging slik at dei kjem seg fram dit dei skal, seier han.

– Vil ha namnet Skuggesida

Å dele opp ein veg som går over ei lengre strekning, i fleire ulike vegnamn meiner han vil vere forvirrande.

– Ein må leggje vekk stadnamntenkinga. Namna forsvinn ikkje sjølv om ein kallar ein veg noko anna, seier Øygard.

I løpet av prosessen har dei også opplevd at bygdefolket vil halde på namn som kommunen sjølv har vurdert som upassande. Det er lagt føringar om at namn ikkje skal vere støytande, komiske eller ha noko negativ betydning.

– På Breim er det eit område som heiter Skuggesida, og vi tenkte det var negativt ladd. Men der har folket stått på og sagt at dei vil ha det namnet, seier Øygard.

Budd på mange diskusjonar

I Gloppen er kommunen no i ferd med siste finpuss og det er venta ei avgjerd 11. mars.

I Førde understrekar kommunalsjef Trond Ueland at dei framleis er svært tidleg i prosessen.

– Vi har så vidt starta, så her har vi fleire diskusjonar i vente, seier han.

Norvald Erdal og Unn Grete Horsevik

GIR SEG IKKJE: Norvald Erdal og Unn Grete Horsevik er budde på ein kamp for å behalde stadnamnet Erdal i adressa si.

Foto: Gro Ravnestad / NRK