Hopp til innhold

Sigrid (5) og Kristina (7) møtte gaupe på fjellturen sin

Saman med faren Tomas Kjørlaug var dei sju år gamle Kristina og frem år gamle Sigrid på veg nedatt frå ein fjelltur då dei møtte på ei gaupe som ikkje let seg skremme.

Sigrid og Kristina Kjørlaug

FEKK SJÅ GAUPE PÅ NÆRT HALD: Sigrid (5 år) og Kristina (7 år) på toppen av Nonhaug, før møtet med gaupa.

Foto: Tomas Kjørlaug

I det flotte vêret søndag hadde dei vore på Nonhaug, ein 886 meter høg fjelltopp ved Hafslo. På veg nedatt kom det ei gaupe mot dei, avstanden var mellom 10 og 20 meter, fortel Tomas.

Tomas Kjørlaug

SPENNANDE FJELLTUR: Tomas Kjørlaug med døtrene Sigrid og Kristina.

Foto: privat

– Vi var komne ned til om lag 250 meters høgde, om lag ved riksveg 55 ved Galden. Då kom det plutseleg ei gaupe spaserande mot oss.

– Såg ikkje frisk ut

– Korleis reagerte de då?

– Det var litt spennande, men det var ikkje noko dramatikk i det. Ho kom imot oss, ho såg ikkje heilt frisk ut. Det kunne sjå ut som ho hadde skabb eller noko slikt.

Døtrene hans vart litt engstelege, sjølv var han ikkje redd der og då.

– Men i etterkant tenkte eg at det er jo eit rovdyr, og i og med at ho såg sjuk ut veit ein ikkje kva ho kunne finne på. Ho var så stor som ein nyfødd kalv.

Måtte hysje på gaupa

Tomas Kjørlaug måtte hysje på gaupa for å få ho til å fjerne seg. Då gjekk ho roleg nedover mot bustadfelta på Galden og Hestnes på Hafslo.

Etter turen tok han kontakt med rovviltkontakt Einar Fortun, som sa han ville ta seg ein tur i området og sjå etter gaupa.