Hopp til innhold

Frå sju millionar i 2013 til 260 millionar i overskot i fjor

Aluminiumverka i Årdal og Høyanger kan igjen kallast pengemaskinar. I 2014 gjekk dei to Hydro-verksemdene med eit samla overskot på 376 millionar kroner.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk

PENGEMASKIN IGJEN: Etter nokre magre år har Årdal Metallverk igjen tresifra tal millionar i overskot.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og slik det er i gode tider er det storebror i Årdal som kan skilte med det største talet - eit overskot på 260 millionar. Det er ei enorm betring frå 2013, då det var skarve sju millionar i pluss i Årdal.

Egil Fredriksen

NØGD FABRIKKSJEF: Egil Fredriksen.

Foto: Tony Hall / Hydro

Fabrikksjef Egil Fredriksen kan nøgd konstatere at no går alt så mykje betre.

– Vi er veldig nøgde. Elektrolysen som plar vere pengamaskina hjå oss tente ikkje pengar før i oktober i fjor, og det var første gongen på mange år at den tente pengar. Vi har i grunnen levd på støyperiet vårt. Der har vi fått gode marginar, og vi har kome oss inn hjå bilindustrien.

Oppsvinget kom i oktober

Dette har gjort at Årdal Metallverk har halde hovudet så nokolunde over vatnet i ei tid med svært dårlege prisar på primæraluminium. Men no i haust kom det dei hadde venta på lenge - ein god auke i prisane og i tillegg gunstig valutautvikling.

– Fjerde kvartal var ekstremt bra for oss. Samstundes sette vi ny produksjonsrekord, verket har aldri gått så godt som no, og vi likar den farten vi har inn i 2015.

– Ja, held det fram slik kan det bli eventyrlege tal for 2015?

– Ja, det blir gode tal, det seg veldig bra ut. Med den gode og effektive drifta vi har får vi utteljing på alle frontar. No er det viktig at vi held fram med den same gode kostnadskontrollen vi har hatt dei siste åra. No konkurrerer vi fint med utlandet.

Høyanger metallverk

116 MILLIONAR I PLUSS: Høyanger Metallverk kunne notere god drift og godt resultat i 2014.

Foto: Johan Moen / NRK

Gode tal i Høyanger også

Hydro Høyanger Metallverk kunne notere eit overskot på 116 millionar kroner i 2014. Mykje av dette overskotet vart opparbeidd i fjerde kvartal, som åleine hadde 64 millionar i pluss. I heile 2013 var overskotet på 49 millionar.

Dei åra aluminiumindustrien sleit med dårlege prisar var det verket i Høyanger som gjekk best - dei heldt seg over streken heile tida, medan Årdal Metallverk måtte notere minusresultat i 2012.

Produksjonsrekord

I Årdal vart det produsert 191.919 tonn flytande metall i fjor. I tillegg kom omsmelting av innkjøpt metall, slik at det til saman vart produsert 214.179 tonn. Talet på fast tilsette auka frå 525 i 2013 til 531 i 2014.

Elektrolysen i Høyanger sette ny produksjonsrekord i 2014 med 63.660 tonn aluminium. Verekt hadde ikkje personskadar med fråver i 2014, og sjukefråveret gjekk ned frå 5,9 prosent til 5,3 prosent. Metallverket i Høyanger har 154 fast tilsette.