Hopp til innhold

Dei gjekk glipp av 90.000 kroner – på grunn av slurv

Slurv og dårlege rutinar er nokre av årsakene til at politiske parti i heile landet går glipp av over 1,3 millionar kroner i statsstøtte. Miljøpartiet dei Grøne i Sogn og Fjordane kunne ha hatt 90.000 fleire kroner å rutte med – viss dei hadde nådd fristen.

Miljøpartiet samla på Sandane

KUNNE FÅTT MEIR: Miljøpartiet dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Det er kjempekjedeleg, seier talskvinne for Miljøpartiet dei Grøne i Sogn og Fjordane, Mariell Eikeset Koren.

93.000 kroner kosta det Miljøpartiet dei Grøne å ikkje halde seg til partilova, som pålegg alle parti som tek imot statsstøtte å rapportere om økonomien til partiet.

– Av og til så glepp det. No har vi sett dei sviande konsekvensane av det, seier Koren, som skuldar på manglande erfaring.

– Vi er eit relativt ferskt parti og har rett og slett vore for nye i gamet til at vi har fått med oss alt som skulle rapporterast inn, seier Koren.

Gjeld særleg to parti

Heile 220 parti eller partiledd på kommune og fylkesplan svikta i den økonomiske innrapporteringa i fjor. Det er 97 fleire enn året før. Særleg to parti har bidrege til den kraftige auken.

– Tre fjerdedelar av den auken i talet på vedtak som er fatta, skuldast auken av partilag i Venstre og MdG, seier sekretariatsleiar Tor Henriksen i Partilovnemnda.

Tor Henriksen

STOR AUKE: Sektretariatsleiar i Partilovnemnda, Tor Henriksen, stadfestar at auken i parti som har svikta i den økonomiske innrapporteringa i fjor er stor.

Foto: Håvard Gjelseth

I tillegg vart rapporteringsrutinane endra i fjor. Den offentlege nettportalen Altinn har ikkje fungert optimalt, innrømmer Henriksen.

– Det har vore tilbakemeldingar frå fleire som har hatt problem med å rapportere på grunn av nye, tekniske løysingar hjå Altinn. Det meiner nemnda at vi har teke omsyn til, og slik sett ikkje skal vere ei stor forklaring på auken, seier Henriksen.

Har med rutinar å gjere

I Sogn og Fjordane er det 10 partilag som ikkje får statsstøtte i år, mellom dei Aurland Venstre.

– Årsaka har nok med rutinane våre å gjere. Difor har vi glippa, seier leiar Terje Horvei.

Partistøtta er sett saman av ei grunnstøtte og ei støtte ut frå oppslutnaden ved førre val. For kommuneparti er summen i år 12,74 kroner per stemme. Horvei og Aurland Venstre slurva vekk i overkant av 2.000 kroner.

– Hadde det vore større beløp, hadde vi nok vore meir observante på det, seier Horvei.

1,3 millionar kroner vert i år halde tilbake i statsstøtte. Formålet med partilova er å sikre innsyn og openheit rundt dei politiske partia sin økonomi. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har ansvar for utbetalinga av partistøtta, og Arne Sandnes seier systemet for innrapportering skal bli enklare.

– Det er gjort endringar i år, så vi er spente på å sjå kva som skjer, seier Sandnes.

Mellom 122 og 124 millionar kroner vert utbetalt i år i statleg støtte til dei partia som har følgt pliktene i partilova.