– Tverrpolitisk liste er ei liste for heile Selje kommune. Eg føler at vi er mykje meir enn ei lokal bygdeliste, seier Jan Vidar Smenes, fersk ordførarkandidat i Selje.
Smenes er offshorearbeidaren frå Averøya som fann kjærleiken i Selje og no stiller på topp på Tverrpolitisk liste i sin nye heimkommune.
– Mine personlege ambisjonar er at vi skal ta meir stemmer enn vi gjorde sist, seier Smenes.
Sist var i 2011. Ein opprivande strid om lokalsjukehuset på Nordfjordeid førte til at ei rekkje Arbeidarparti-politikarar melde seg ut i protest. Resultatet vart at Tverrpolitisk liste fekk ordførarklubba, fem representantar i kommunestyret og nær 29 % oppslutnad.
To av fem lister er nye
Ved valet til hausten er det fem lokale lister i Sogn og Fjordane. I Vågsøy har Bryggjalista skifta namn til Tverrpolitisk liste, i Flora har tidlegare høgremann Jacob Nødseth stifta Samlingslista, Samfunnsdemokratane stiller i Gloppen.
I Balestrand er skulestriden opphavet til Bygdalista. Ei klassisk, ny liste ifølgje professor Lars Svåsand ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitet i Bergen.
– Strid om lokalisering eller nedlegging av institusjonar i lokalsamfunnet fører til protestar, men det kan og vere spesielle saker som innbyggjarane føler vert neglisjert av dei vanlege partia. Då får ein eigne lister som fokuserer på ein spesiell sak, seier Svåsand.
- Les også: Nødseth jobbar med eiga liste mot valet
Lokale eller tverrpolitiske lister fekk heile 12 % av røystene ved valet etter krigen. Ved valet i 2011 fekk slike lister berre 2,1 %. Årsak til nedgangen meiner professoren er dei tradisjonelle partia sine proffe partiapparat.
– På mange måtar har det pressa ut mange lokale lister. I tillegg gjorde kommunesamanslåingane på 1960-talet det lettare for dei etablerte partia å dominere, også i lokalpolitikken, seier Svåsand.
Slutt på raude roser
Gunnvor Sunde i Gloppen har delt ut mange roser for Arbeidarpartiet, men i 2010 var det stopp.
– Det vart slik at eg måtte røyste i mot det som eigentleg var bestemt i Arbeidarpartiet. Eg ville følgje programmet, men måtte likevel røyste i mot. Det vart dropen, seier Sunde.
Slik oppstod Samfunnsdemokratane. Ved valet i 2011 fekk dei 4 representantar i kommunestyret. No jobbar toppkandidaten for samling i sentrum.
– Den støtta vi fekk viser at det var eit behov for oss, seier Sunde.
Bør utvide dagsorden
Kva skjer med listene som har ei kampsak når den saka er avgjort? Når skulen er nedlagt eller sjukehusstriden over. Professor Svåsand har eit råd for å overleve som liste.
–Skal ein halde fram må dei ha ein meir utvida dagsorden enn dei hadde opphavleg, seier han.
Både Samfunnsdemokratane i Gloppen og Tverrpolitisk liste i Selje har gjort som Svåsand spør etter.