Hopp til innhold

Dei fleste har no fått flytte heim igjen

Dei flest av dei evakuerte etter storbrannen i Svelgen har no fått flytte heim igjen.

Brann i Svelgen

BRANN: Måndag startar undersøkingane av branntomta i Svelgen.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Natt til laurdag brann tre av 11 husvære i eitt rekkehus ned til grunn i Svelgen. 10 personar miste alt dei eigde i brann. Bebuarane i dei andre husværa måte flytte ut på grunn av sterk røyklukt.

– No har dei fleste fått vaska ned slik at dei kunne flytte heim igjen. Etter det eg veit er det no berre ein familie så framleis ikkje kan flytte heim på grunn av sterkt røyklukt seier lensmann Hans Rune Strandos.

Meiner å vite kvar brannen starta

Lensmann Hans Rune Strandos på branntomta i Svelgen.

MEINER Å VITE KVAR BRANNEN STARTA: Lensmann Hans Rune Strandos.

Foto: Privat

– Vi meiner no å vite i kva hus og kva enda av huset brannen starta.

Ut over det vil ikkje Strandos i dag seie noko om kva som eventuelt kan vere årsak til brannen.

– Måndag får vi hjelp av brannetterforskarar og folk frå det lokale e-verket til å undersøke branntomta.

Blussa opp igjen

Kraftig vind laurdag gjorde at brannen på eit tidspunkt blussa opp igjen.

– Det var aldri for at brannen skulle spreie, og vi fekk raskt søkt flammane som blussa opp på grunn av vinden. No er brannen heilt sløkt.