Hopp til innhold

Dei er utolmodige, men ukuelege optimistar

Han har prøvd floge og sluk. Men laksen vil ikkje bite. – Når du har kjensla av at den ikkje er der, så verkar det litt meiningslaust å stå der og kaste, seier laksefiskar Bjarne Huseklepp.

Den kalde temperaturen i lakseelevane gjer at laksen ikkje bit og fiskesesongen ligg langt etter fjoråret.

SJÅ TV-SAK: Kald sommar gjer at laksen ikkje vil gå opp i elvane som normalt. Samstundes ventar utolmodige laksefiskarar på at fisket skal komme skikkeleg i gang. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/STINE KYRKJEBØ JOHANSEN)

Laksefisket har vore labert i mange elvar denne sommaren. Årsaka er enkel. Sommaren har vore kald.

– Det er kaldt vatn. Det er det. Seks grader, resignerer Bjarne Huseklepp og ser utover Flekkeelva i Fjaler.

Her har han fiska laks i 50 år. I år har han ikkje landa ein einaste ein. Då kan sjølv den beste fiskaren oppleve det som meiningslaust å gjere kast på kast.

– Det forstår eg godt at også andre tykkjer, seier han.

NRK fortalde i førre veke om den labre starten på laksefisket i Lærdalselvi . Også her er elva kald. Kalde vassdrag gjer laksen slapp og ikkje i stand til å gå motstraums. Det er årsaka til at det er lenger mellom nappa lenger oppe i vassdraga, enn nede.

Laksefiske i Lærdalselvi

LABER: Heller ikkje i Lærdalselvi har det vore den heilt store starten på laksefisket.

Foto: Jan Christian Jerving

– For dei som skal fiske så seier seg sjølv lite interessant å kjøpe fiskekort, seier Eiliv Erdal, leiar i Nausta elveeigarlag. Her er laksen ein månad seinare ute enn for eitt år sidan.

– For dei som sel døgnkort og slikt, så er dette eit problem, legg han til.

Ved elvebreidda i Fjaler håpar hobbyfiskaren at laksen snart skal la seg freiste.

– Vi er ukuelege optimistar. Vi gir oss aldri og trur at «snart bit den». Men skal det bli noko fisk så må temperaturen opp, seier Huseklepp.