Hopp til innhold

Debuterte i nordisk med sølv - no siktar han mot junior-VM

Glopparen Thomas Mardal (18) jublar over sølv i diskos under nordisk juniormeisterskap i Finland i dag. No håpar han VM-kravet er innan rekkjevidd.

Thomas Mardal

INNFRIDDE: – Det er utruleg godt å få ut det ein er god for i meisterskap, seier Thomas Mardal.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det er veldig kjekt å få ut potensialet sitt i konkurranse, seier Mardal.

18-åringen var opphavleg sett opp med nest best pers, så han visste at han hadde sølv i siktet.

– Men eg visste at det kom til å bli jamt, for det er mange som har personleg rekord om lag på det eg har. Så eg måtte prestere for å få med meg den medaljen, seier Mardal, som kan notere seg for ein svært god debut i nordisk juniorlandskamp.

– Det er første gong eg er med, så det er klart det er kjekt å få det til, seier Mardal, som også noterte seg for ein fjerdeplass i kule.

Blir berre endå meir motivert

– Eg har konkurrert mot mange av dei eg møtte i helga også tidlegare, så eg visste omtrent korleis eg låg an, seier Mardal, som har diskos som si øving.

Han legg ikkje skjul på at ei slik plassering gir motivasjon til vidare satsing.

– Det er kjempemotiverande. Eg går inn i neste år med håp om eit junior VM-krav, så slike prestasjonar som i dag gjer at eg vert meir motivert til å leggje ned det arbeidet som krevst, seier Mardal.

Håpar på VM-uttak

VM-kravet ligg på vel 55 meter, og det trur Mardal skal gå.

– Eg har kasta over det eit par gonger i år, så det er berre å gjere det også neste år, så vert eg mest truleg teken ut, seier Mardal, som til vanleg går siste året ved Firda vidaregåande skule.

Om to veker er det ungdomsmeisterskap på Lillestrøm, og då er Mardal klar til innsats.

– UM blir ein rein bonus. No har eg vore med på dei største meisterskapane, så det vert berre kos, seier Mardal.