Hopp til innhold

Verdien av Fjord1 er truleg kraftig redusert

Verdien av Fjord1 er truleg kraftig redusert etter tapet av ei rekkje ferje- og båtanbod dei siste åra. Sogn og Fjordane fylkeskommune er største eigar i reiarlaget, og fylkespolitikarane vurderer no om dei skal selje seg ut. Professor Gisle Sovoll meiner det er feil av fylket å sitje som eigar, men seier timinga for eit sal kan vere dårleg.

Fjord1 og Gisle Solvoll

DILEMMA: Politikarane i fylkeskommunen står føre eit stort dilemma når dei no skal vurdere å selje Fjord1, seier professor Gisle Solvoll: Selskapet kan vere langt, langt mindre verdt enn for få år sidan, og kanskje mindre enn om få år framover i tid.

Foto: Montasje: NRK

– Det er lett å vere etterpåklok, men det som har skjedd med selskapet no betyr at verdien har gått mykje ned. Det dei eventuelt får for eit sal av aksjane i dag er betydeleg mindre enn dei ville fått for to, tre år sidan.

Det er den knallharde realiteten. Fjord1 er ikkje lenger det store og attraktive reiarlaget det var, seier Gisle Solvoll, professor i transportøkonomi ved Universitetet i Nordland.

Har tapt mange anbod

Sogn og Fjordane fylkeskommune er med sine 59 prosent største eigar i Fjord1. Reiarlaget med hovudkontor i Florø har dei siste åra tapt ei rekkje anbodskampar. Mellom anna storsambandet Lavik–Oppedal.

– Det er tydeleg at dei har prisa seg for høgt, og då taper ein anbod. Det er tre store konkurrentar innanlands. Nokre av dei har tydelegvis vore billegare, og då er ein ute av business.

I takt med dette har selskapet vore prega av internt bråk. I vår trakk to styremedlemmer seg. Dei meinte selskapet mangla viktig kunnskap om anbodsfastsetjing, og det blei hevda at fjorårets overskot i på 30 millionar kroner, i realiteten var fordekt underskot.

– Dei lev av å vinne anbod. Klarar dei ikkje det, har dei ikkje livets rett.

– Vurderer å selje

Sogn og Fjordane fylke er i pengenaud og vil ikkje kunne hjelpe Fjord1 om dei skulle trenge kapital. Etter det NRK kjenner til vurderer fylkespolitikarane eigarposten, og då fylkesutvalet måndag var samla på Sandane skal konsulentar frå eit konsulentselskap ha kome med sine råd.

Dei skal ha skissert tre moglege scenario. Anten å selje seg heilt ut, få inn meir kapital gjennom ein tredje eigar, eller halde fram som i dag–men der fylket tek grep i eit meir aktivt og profesjonelt eigarskap.

Det kan uansett bli problematisk, trur professoren.

– Eg meiner at fylkeskommunane har andre ting å drive med enn å ha store eigarpostar i transportselskap. Dei skal leggje premissar for kjøp av transporttenester. Då er det problematisk visst dei sit på begge sidene av bordet, seier Solvoll.

Stort dilemma

I 2011 fekk Møre og Romsdal fylkeskommune 362,3 millionar kroner for sin aksjepost i Fjord1. Sogn og Fjordane hadde forkjøpsrett. Hadde ein nytta denne, og så selt heile selskapet, er det antyda at summen kunne komme opp i 1,2 milliardar. I dag er det ingen grunn til å tru at reiarlaget er i nærleiken av denne verdien, seier Solvoll.

Difor kan timinga for eit sal vere dårleg.

– Dei er i eit dilemma. Sel dei får dei lite for aksjane. Dersom selskapet byrjar å vinne anbod og kjem seg på fote att kan selskapet ha stor verdi om nokre år og gje utbyte til eigarane. Det er vanskeleg å spå framtida her, seier Solvoll.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil ikkje uttale seg, då ho er ugild i den politiske handsaminga av eigarskapen, fordi ho sit i styret til Fjord1 Holding. Fylkesvaraordførar Jenny Følling vil ikkje kommentere kva som skjer i lukka møterom. Advokatfirmaet Wierholms i Oslo rådgir fylkeskommunen. Dei skriv i ein epost at dei ikkje kommenterer denne typen spørsmål.

– Bruk hovudet, ikkje hjartet

I Framstegspartiet held gruppeleiar Frank Willy Djuvik fast på at det må komme inn ein ny eigar med meir kunnskap. Han meiner at ein tett og god eigar har kunnskap, kompetanse og kapital som politikarane manglar.

– Det har ikkje eg som politikar og ingen andre i fylkestinget heller. Då vil det vere best for arbeidsplassane og selskapet at ein tek inn nokon som har den kompetansen, seier Djuvik.

Professor Gisle Solvoll rår politikarane å bruke hovudet, ikkje hjartet, når gammalt arvesølv no er i spel.

– Eg trur ikkje ein skal bruke så mykje hjartet i denne saka. Dette med å eige eit transportselskap er ikkje ei oppgåve for ein fylkeskommune i dag. Det er nok av private aktørar som kan det mykje betre enn fylkeskommunen. Det er ikkje mange grunnar til at ein fylkeskommune bør vere ein stor eigar i eit transportselskap i dag, seier professoren.