Hopp til innhold

No kjem Dan Børge til Sogn og Fjordane for å finne deltakarar til QuizDan!

For første gong skal Sogn og Fjordane kvalifisere eit lag til det populære underhaldningsprogrammet QuizDan. Og Dan Børge Akerø kjem sjølv til den store fylkesfinalen i Førde 26. september.

QuizDan

BLI MED!: Dan Børge Akerø kjem snart til Førde for å finne dei beste quizarane i Sogn og Fjordane.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

– Dette blir spennande. Vi veit det er mange kunnskapsrike folk i Sogn og Fjordane og det skal bli gøy å få med folk frå dette fylket, seier quiz-generalen.

QuizDan blir sendt på NRK1 og har blitt svært populært. Dei starta i det små, men konseptet har etter kvart vakse seg større.

– Dette er tredje året vi reiser rundt for å finne lag. Folk tykkjer det er morosamt og vi opplever god oppslutnad der vi kjem. Det er gøy å konkurrere i kunnskap. Det er ofte opp mot 180 personar på kvalifiseringane, fortel Akerø.

Fylkesmeisterskap i quiz

Geir Bjarte Hjetland

VIL HA DEG MED: Geir Bjarte Hjetland ønskjer flest mogleg til delfinalane i quiz.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I QuizDan 2014 skal lag frå 27 byar kjempe om å bli best på quiz i Norge. Kvart lag skal ha fire deltakarar og begge kjønn må vere med.

Geir Bjarte Hjetland blir den lokale quiz-sjefen i Sogn og Fjordane. Han skal ut på vegen og oppsøkje dei etablerte quiz-miljøa.

– Quiz har blitt veldig populært dei siste åra og vi skal rett og slett lage fylkesmeisterskap i quiz, seier han.

Dei beste får reise til Oslo

Det blir fem delfinalar i Sogn og Fjordane før den store finalen i Førde der Dan Børge Akerø og teamet køyrer fullt show.

– Alle laga blir inviterte til fylkesfinalen i Førde, men der blir reglane endra. Her blir det individuell quiz der kvar enkelt deltakar må svare på 60 spørsmål. Dei som er best, får tilbodet om å vere med på laget frå Sogn og Fjordane, seier Hjetland.

I Oslo ventar TV-opptak der laget frå fylket skal konkurrere mot to andre byar.

Slik blir Quizdan-kvalifiseringa i Sogn og Fjordane:

Delfinalar:

  • Onsdag 11. september klokka 20.00: Kafé Krydder, Sogndal
  • Onsdag 11. september klokka 19.00: Cafe Herman, Hermansverk
  • Torsdag 12. september klokka 20.00: Kysten Bar, Florø
  • Onsdag 18. september klokka 20.00: Expeditionen, Nordfjordeid
  • Onsdag 18. september klokka 20.00: Pikant, Førde
  • Fredag 20. september klokka 20.00: Fia Pub, Høyanger

Fylkesfinale:

  • Torsdag 26. september klokka 19.00: Pikant, Førde

Det er i utgangspunktet ope for alle både på delfinalane og på fylkesfinalen, men dei beste laga frå delfinalane vil ha prioritet om det vert fullt under fylkesfinalen.

Om du har spørsmål kring opplegget, send ein e-post til prosjektleiar Geir Bjarte Hjetland ved å trykkje her.