Hopp til innhold

Laurdag opnar Dalsfjordsambandet - men vegen dit har vore lang og kronglete

I dag opnar Dalsfjordsambandet som knyt saman Fjaler og Askvoll. Men vegen til ei ferdig bru over fjorden og tilhøyrande tunnelar har vore lang og kronglete med løftebrot, vegar som stoppa i ingenmannsland og ei dødsulukke.

Hengjestenger Dalsfjordbrua

SNART OPEN: Laurdag opnar Dalsfjordsambandet. Her er brua i byggjeprosessen.

Foto: Harald A. Holmefjord / Statens vegvesen

I 1975 starta Vegvesenet arbeidet med Dalsfjordsambandet, men etter fire kilometer veg og 500 meter tunnel vart arbeidet stoppa. No, nesten 40 år seinare, står sambandet klart til å brukast.

Prosjektet hadde ei ramme på 870 millionar kroner, og bygginga har slett ikkje vore problemfri. Men laurdag skal fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna sambandet som har vore utsett og nedprioritert i årevis.

Dalsfjordbrua kryssar Dalsfjorden like aust for Dale sentrum ved Nishammaren. Det kortar reisetida frå Askvoll- og Holmedalområdet sørover til Dale monaleg ned. Sambandet over Dalsfjorden gjekk fram til bruopninga med ferja Eikenes – Dale.

Opp gjennom åra har NRK dekka mange saker om sambandet. Her får du sjå eit knippe av TV-sakene som er laga.

I 1995 hadde sambandet allereie rukke å få kallenamnet «Skandalevegen», og prega valkampen i området.

Created by InfoDispatcher

1999 var året då håpet på nytt vart tend for ei bru over fjorden, men nok ein gong vart andre vegar prioritert framfor det som skulle bli bindeleddet mellom Fjaler og Askvoll.

Created by InfoDispatcher

I 2000 var usemja stor i Askvoll. Nokon ville ha bru, andre ville ha betre veg til Førde.

Created by InfoDispatcher

Politikarane lova pengar til vegen, men i 2005 sa vegsjefen at det likevel ikkje vart Dalsfjordsamband med det første. Kvifor? Utbetringar av mindre vegar skulle vera førsteprioritet. Men på hausten vart det regjeringsskifte, og den nye samferdsleministeren Liv Signe Navarsete (Sp) sendte ut ei pressemelding der det stod at planlegging av Dalsfjordsambandet skal gjerast med sikte på byggjestart i 2009.

I 2005 vart det bestemt av vegsjefen at dei ikkje fann pengar før i 2015. Aksjonistane meiner det er eit svik imot det politiske vedtaket som har vore gjort.

I 2009 løyva Fylkestinget pengar til prosjektet. Året før stod prosjektet på statsbudsjettet for 2009, og då kunne fjalerordførar Arve Helle (Ap) og forkjempar Rolf Kleiven sleppa jubelen laus.

Ordførar Arve H og Rolf aksjonist Rolf Kleiven jublar over endeleg å få dalsfjordbrua inn på statsbudsjettet!

Men også etter at arbeidet kom i gang har det vore eit omstridt prosjekt. Det har vore fleire ras og arbeidsulukker, og i januar 2013 raste ein dumper på fjorden . Ein 25-åring omkom i ulukka.

Men laurdag 14. desember 2013 er det endeleg klart for opning. Men allereie tidlegare i haust spratt Arve Helle og ordførarkollega Frida Melvær i Askvoll (H) sjampanjen på bruspennet over Dalsfjorden.

90 meter over fjorden møtes ordførarane Arve Helle (Ap) og Frida Melvær (H) midt på brua og skålar for Dalsfjordsambandet som snart står klar.