Hopp til innhold

Då ordføraren plukka fram saksa våga ikkje sola gjere anna enn å skine

Vik har som resten av fylket hatt ei våt pinsehelg. Men då ordførar Marta Finden Halset opna det nye idrettsanlegget, våga ikkje vêrgudane gjere anna enn å spele på lag.

Ordføra Marta Finden Halset
Foto: Odd Inge Gjeraker

– Vi hadde ikkje akkurat det beste vêret i helga, men då skein faktisk sola. Den offisielle opninga av anlegget vart ein kjempesuksess, seier festivalgeneral Erling Stadheim.

Godkjent anlegg

Den årlege Gammalostfestivalen fann stad i helga, og med gamalosten som råme arrangerte Vik idrettslag både Vikjastafett og friidrettsstemne. Til stor glede for både vaksne, aktive born og ikkje minst leiar Ragnhild Fjærestad i Vik IL si friidrettsgruppe.

For no er arenaen godkjent av forbundet, slik at Vik kan arrangere større arrangement og meisterskap.

Arne Ovrid & Mateusz Kurowski

JOBBA: Arne Ovrid og Mateusz Kurowski arbeidde intenst for å få alle apparat klare til den offisielle opninga i helga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– No har vi eit fullverdig friidrettsanlegg, med alle øvingar. Vi har ei grasbane i midten som gjer at vi kan ha kastøvingar, vi har seks løpebaner rundt og åtte på oppløpssida. Gir moglegheit til å ha større arrangement og meisterskap i Vik.

– Må byggje opp

Seinare i år kjem det i tillegg 7-arbane, nytt grasdekke på Vik stadion. Oppgraderinga er etterlengta for eit idrettslag som mellom anna er kjend for gode stafettlag på 70- og 80-talet.

Ragnhild Fjærestad

GLAD: – Dette er ein klyp meg i armen oppleving. Er det verkeleg slik at vi har fått ei slik bane i Vik, seier Ragnhild Fjærestad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi må byggje opp att eit miljø. Bana var så dårleg, at når det regna så var det som ei myr. Vi tok med utstyret og var ein annan stad, og då er det ikkje attraktivt å vere med. No kjem fleire born på trening og dei tykkjer det er spennande, seier ho.

Ikkje det beste vêret

Det var ikkje berre idrett som stod i fokus hos vikjene i helga. Og vêret la ein liten dempar på det heile.

Søndag ettermiddag hadde ikkje Stadheim besøkstala klare, men noko publikumsrekord blir det ikkje.

– Laurdag la vêret ein dempar på utelivet. Frukosten som er det einskild arrangementet med flest folk, mellom 1000-1500, samla berre halvparten. Og vêret var så dårleg at eg reknar med at folk på andre sida av fjellet var redde for å køyre til konserten og stordansen i Blixhalli, seier han.