Med fire Brann-scoringar, var cupexiten langt på veg klar allereie ved pause.
I strålande vårvêr, framfor 3.000 tilskodarar, vart det til slutt 1-6-tap for det unge 3. divisjonsmannskapet til Terje Rognsø.
– Begivenheitene tok oss litt i dag. Vi våga ikkje spele fotball. Når vi vågar å spele ball, så kan vi henge med dei fleste. I dag presterte vi ikkje bra. Diverre, seier Rognsø.
Ville ikkje ha scoring
Med ein snittalder på 18,5 år utklassa det unge FSK-laget Sogndal med 3-0 i første runde av cupen. Heime mot Brann vart dei nokre år for unge, og kilo for lette.
Likevel, Aksel Knapstad kunne fort sendt heimelaget i føringa etter sju minutt. Diverre for FSK var det gjestenes Kristoffer Barmen som fekk æra av å sette inn kampens første mål minuttet seinare. Kim Ojo og Birkir Sævarsson sytte for firemålsleiing til gjestene ved pause.
FOLKEFEST: I alt 2.520 tilskodarar fann turen til Florø stadion og cupoppgjeret Florø–Brann. I tillegg til eit par hundre personar som stod på 'gratishaugen'.
Foto: Truls Kleiven- LES OGSÅ:
– Vi var nærme på fram til 0-2, difor var den tredje scoringa så irriterande. Det var ei feilaktig idømt scoring fordi det var hands. Brann-spelaren er faktisk borte og gir beskjed om det til dommaren, ei fantastisk ærleg sak av han. Men diverre høyrer ikkje dommaren etter, seier Rognsø.
Hadde trua
SLUTT: Cupeventyret er over for Andre Reksten og resten av lagkameratane på det unge FSK-laget.
Foto: Alf Vidar Snæland/Sunnfjord MediaFlorø yppa seg mot eliteserielaget frå Bergen, men med fire scoringar før pause var den i realiteten avgjort.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Sjølv om vi fekk eit tidleg mål i mot, så følte eg ikkje at kampen var køyrt før Brann fekk den tredje scoringa. Eg tykkjer dei gjer ein god taktisk kamp, spelar over oss og nektar oss å kontre, seier Peter Aase. Ein av to Aase-tvillingar som i haust blir å finne i Sogndal-trøya.
Nøgd Skarsfjord
NØGD: Brann-trenar Rune Skarsfjord.
Foto: Alf Vidar Snæland/Sunnfjord MediaFor eit Brann-lag i sportsleg motgang i eliteserien, var sigeren, og ikkje minst dei mange måla i Florø, svært kjærkomne.
- SJÅ: Bileta frå cupfesten
– Vi produserte 20 gode angrep i løpet av kampen, nokre med veldig høg klasse. Vi scora seks fine mål, så alt i alt var dette ein fin kamp, seier Brann-trenar Rune Skarsfjord og avviser at dei tok lett på oppgjeret i kystbyen.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
SJÅ: Måla frå cupoppgjeret mellom Florø og Brann.
- LES OGSÅ:
– Vi hadde veldig respekt for Florø. Dei slo tross alt ut Sogndal sist, og vi er opptekne av å gjere ting rett og spele på rette måten. Det t tykkjer eg spelarane gjorde og det fortener dei honnør for. Vi gjorde mykje bra, seier Brann-trenaren.
- LES OGSÅ: Cupfeber i Florø
Som etter kring timen kunne sett disiplane fått sitt første baklengsmål i kampen. FSK-spiss Simen Reksten Solheim vart lagt i bakken innanfor 16-meteren av målscorar Sævarsson.
MÅLSCORAR: Stefan Aase sytte for heimelaget si einaste scoring mot eliteserielaget Brann.
Foto: Alf Vidar Snæland/Sunnfjord MediaDiverre for heimelaget var straffesparket frå Christer Husa for laus og straffeekspert Piotr Leciejewski fekk ein lett jobb å hindre nettsus.
Scoringa kom
Kvarteret før slutt fekk heimelaget ny straffe då Reksten Solheim på nytt gjekk i bakken framfor Brann-målet. Frå kritmerket omsette Stefan Aase straffa til mål.
Då hadde allereie innbyttar Bård Finne gjort Brann si femte scoring for kvelden. Minuttet før slutt fastsette Sævarsson sluttresultatet til 1-6 då han utnytta ein retur frå FSK-keeper Kvamme.
– Dette var veldig gøy, men dei spelte over oss. Vi var ikkje med frå starten, og slik vart det heile vegen, seier Peter Aase etter kampen.
GLEDE: Florø gledde seg til Brann-besøket.