Hopp til innhold

Florø-juniorane sende Sogndal hovudstups ut av cupen

Mål av Stefan Aase, Simen Reksten Solheim og Stian Tansø sytte for det ingen trudde skulle skje. 3. divisjonslaget Florø sende eliteseriens tabelltoar Sogndal ut av cupen med 3-0.

Sogndal har så langt imponert med seks eliteseriekampar utan tap, med sterke sigrar mot Odd Grenland (4-0), Vålerenga (2-0) og Molde (2-1).

Så kom dei til Florø stadion for cupens første runde mot tabellsjuaren i 3. divisjon avdeling 8.

– Denne kampen må vi berre gløyme så fort som mogleg. I denne kampen var vi ikkje på nivå i det heile. Vi taper fortent, resignerer ein svært skuffa Eirik Bakke etter cupexiten.

(Artikkelen held fram under TV-klippet)

Video Cup-bombe!

SCORINGANE: Sjå scoringane frå cupoppgjeret mellom Florø - Sogndal.

Imponert FSK-trenar

Med kring 1.500 tilskodarar på tribunen i vårsola sytte heimelaget Florø for ei av tidenes cupbomber. Stefan Aase sat på benken for Sogndal då Odd Grenland vart slått 4-0 i serieopninga.

Med avgrensa sjanse på speletid i Sogndal, returnerte 16-åringen til moderklubben Florø . I august returnerer han til Sogndal. Tysdag var Aase sterkt delaktig i at nyeklubben hans ikkje blir å finne i årets cupfinale. 17-åringen sytte for fullt fortent 1-0-leiing til Florø ved pause.

Tore Andre Flo og lagkameratane i Sogndal vart for små for FSK-juniorane.

FOR SMÅ: Tore Andre Flo (38) måler 193 centimeter på strømpelesten, men både han og lagkameratane på Sogndal vart for små mot det unge Florø-laget.

Foto: Alf Vidar Snæland

Tre minutt etter kvilen dobla Simen Reksten Solheim leiinga framfor eit entusiastisk publikum.

Få minutt etter gjekk målscoraren av bana, og vart erstatta av Stian Tansø. Innbyttaren var ikkje verre på det enn att han la på til 3-0 kvarteret før slutt.

– Eg er ekstremt imponert over spelarane. Vi fekk spelet inn i det sporet vi ynskte, og eg tykkjer vi vinn fortent, seier ein lukkeleg FSK-trenar Terje Rognsø etter kampen.

Tapte for juniorlag

Sogndal kom til kystbyen med eit sterkt lag. Taijo Teniste, Elvis, Gustav Valsvik, Eirik Bakke, Henrik Furebotn, Tore Andre Flo og Tonny Brochmann Christensen spelte alle frå start.

Likevel vart eliteserietoaren for små mot eit FSK-lag beståande av hovudsakleg spelarar i junioralder.

– Dette viser det enorme potensialet som ligg i laget, jublar Rognsø, som no kan førebu spelarane sine på andre runde i cupen.

(Artikkelen held fram under TV-klippet)

Video Intervju

REAKSJONANE: Reaksjonane etter cupbomba

– Største eg har opplevd

At Jonas Olsson utover omgangen sette inn Ørjan Hopen, Stephane Diarra Badji og Ulrik Flo kunne heller ikkje hindre at Sogndal vart det første eliteserielaget på 19 år som rauk ut i cupens første runde.

At også eliteserielaget Sandnes Ulf måtte sjå seg slått mot Staal Jørpeland, er mager trøyst for Sogndal.

– Dette er det største eg har opplevd i fotballkarrieren. Ein fantastisk kamp av Florø, jublar ein ekstremt glad målscorar Aase.

(Øvrige cupresultat under videoklippet)

Video Florø-spelarane jublar over poeng

SJÅ: Heimepublikumet hyllar Florø-spelarane etter cupbragden mot Sogndal. (Foto: Egil Aardal)

Øvrige cupresultat:

  • Bjarg - Brann 1-2
  • Askim - Fredrikstad 1-3
  • Avaldsnes - Haugesund 1-7
  • Røa - Hønefoss 1-6
  • Skjetten - Lillestrøm 0-8
  • Sunndal - Molde 0-4
  • Gvarv - Odd Grenland 0-4
  • Tiller - Rosenborg 0-8
  • Staal Jørpeland - Sandnes Ulf 2-1
  • Lommedalen - Stabæk 0-3
  • Solberg - Strømsgodset 0-9
  • Porsanger - Tromsø 0-2
  • Flekkefjord - Viking 1-4
  • Lyn - Vålerenga 1-2
  • Herd - Aalesund 0-1
  • Donn - Start 2-4
  • Drammen - Bærum 0-2
  • Eidsvold Turn - Kongsvinger 1-3
  • Faaberg - HamKam 3-5
  • Hauerseter - Ullensaker/Kisa 0-6
  • Holmlia - Sarpsborg 1-3
  • Høland - Strømmen 0-7
  • KIL/Hemne - Nardo 1-3
  • Kristiansund - Buvik 5-0
  • Lyngen/Karnes - Alta 1-3
  • Rosseland - Bryne 1-4
  • Runar - Sandefjord 0-6
  • Salangen - Tromsdalen 1-3
  • Spjelkavik - Træff 3-5 (etter straffekonkurranse)
  • Sprint-Jeløy - Mjøndalen 0-2 (eeo.)
  • Stjørdals-Blink - Levanger 4-2
  • Strindheim - Byåsen 1-2
  • Tornado Måløy - Hødd 0-3
  • Tverlandet - Bodø/Glimt 0-5
  • Urædd - Notodden 0-9
  • Verdal - Ranheim 2-1
  • Voss - Fana 0-7