Hopp til innhold

Cruisemotstandar melder skadeverk på rundballeprotest

Anders Fretheim sine 12 rundballar som vart kutta opp i helga, blir ei sak for politiet.

Skadeverk på rundballar i Flåm

TAP: Bonden må kjøpe inn nye rundballar for å erstatte rundballane som gjekk tapt under nattas hærverk.

Foto: Anders Fretheim

Både bonden sjølv og politiet stadfestar overfor NRK.no at skadeverket natt til søndag er meldt til politiet.

Anders Fretheim har vore ein av dei fremste motstandarane mot cruisetrafikken i Flåm.

Anders Fretheim i Flåm har stått i bresjen for cruiseprotestane.

ALVORLEG: Anders Fretheim trur cruisedebatten ligg bak skadeverket i helga. – Det må vere lov å komme med ei ytring utan å bli utsett for regelverk skadeverk. Det tykkjer eg rett og slett er synd, seier han.

Foto: Ole Andre Rekkedal

– Eg gav syndaren ei viss moglegheit til å melde seg sjølv. Det skjedde ikkje. Eg er oppmoda frå andre om å melde det til politiet. No er det gjort, seier han.

Protest mot cruise

Rundballane som i helga fekk eitt ublidt møte med ein skarp gjenstand var spraymåla med ord som tydeleg viser Fretheim sin motstand til stadig fleire cruiseturistar til Aurland.

Han meiner gjerningspersonen, eller personane, prøver å kneble ytringsfridomen.

Rundballar

PROTEST: Bonde Anders Fretheim har skrive beskjeden sin på fleire språk.

Foto: Anders Fretheim

– Eg tykkjer det går over grensa når ein skjærer over rundballar som er vinterfør. Det er eigentleg ganske alvorleg, seier han.

Usamd i sak og metode

Sidan skadeverket vart oppdaga og omtala i media, har han fått både positive og negative tilbakemeldingar frå bygdefolket. Han trur cruisedebatten var motivet for skadeverket.

– Det har vore ei heil rekkje folk som ikkje er samde i saka, men som er heilt usamde i metoden som er nytta. Eg har opplevd at folk snur og høyrer på argumenta, og ikkje berre ser på person, seier Fretheim og legg til:

– Slik sett trur eg ikkje det har vore noko vellukka aksjon frå den som har gjort det.

Ein person

Rundballeprotestane mot cruisenæringa vart i natt utsette for hærverk.

SKADEVERK: Natt til søndag gjekk nokon laus på rundballane med ein skarp gjenstand.

Foto: Anders Fretheim

Førebels er både han og politiet ukjende med kven som kan stå bak skadeverket.

– Ut frå bileta så meiner politiet at det er ein og same person som har gjort snitta. Snitta er i same høgde heile vegen, seier han.

– Kva håpar du å oppnå med å melde dette?

– Eg håpar at syndaren anten står fram eller blir teken. Dei fleste som har rundballar og behov for vinterfør, skjønar svært vel at dette er særskilt alvorleg. Eg håpar det markerer at det ikkje er greitt på noko som helst måte.