Bystien i Førde - NY STI: Den nye stien går frå Førde sentrum og opp til toppen av Hafstadfjellet (706 meter over havet). - Foto: Anders Veberg / NRK

NY STI: Den nye stien går frå Førde sentrum og opp til toppen av Hafstadfjellet (706 meter over havet).

Foto: Anders Veberg / NRK

Bystien blir forseinka - manglar godkjenning for øvste del

Bygginga av bystien i Førde blir eitt år forseinka. Årsaka er eit nytt traséval.

Utbyggarane manglar godkjenning for øverste delen av stien, og byggearbeidet der er no stogga.

Tenesteleiar for arealforvaltning i Førde kommune, Odd Harry Strømsli, seier utbyggjarane har fått ein dispensasjon dei har jobba etter.

– Slik sett har dei ikkje gjort noko gale. Den reguleringsplanen som no kjem, vil ta i seg den dispensasjonen, seier Strømsli.

Blir handsama i september

Men inn til den nye reguleringsplanen er handama politisk, er det full stogg i arbeidet i den øverste delen av bysstien. Det betyr at arbeidet må vente til etter første bystyremøtet som er i september.

For Jon Helge Lunde som er leiar i stiftinga Bystien, er forseinkinga ei strek i rekninga

– Vi hadde planlagt å vere ferdig med bystien i vår, men vi har måtte endre på planane i øvre del av stien, seier han.

Må vente til våren igjen

Årsaka er eit nytt traséval og det har ført til ein ny reguleringsprosess.

– Dette har stoppa framdrifta av stien noko, så vi er per i dag ikkje ferdige med stien. Den politiske prosessen er ikkje ferdig før i haust, så vi kan ikkje gjere oss ferdige før etter den tid. Og så kjem vinteren, så det blir nok til våren neste år at absolutt alt er ferdig, seier Lunde.

Men sjølv om traséen ikkje blir ferdig heilt opp, blir det likevel motbakkeløpet Førde Opp arrangert som planlagd i september. Den siste delen av løypa går i terrenget, før ein på slutten kjem inn på noverande grusveg mot toppen.

Hafstadfjellet i Førde. - NY VEG OPP: Neste år er den nye stien til toppen av Hafstadfjellet klar. Den går frå Førde sentrum og opp til toppen. - Foto: Cosmin Cosma /

NY VEG OPP: Neste år er den nye stien til toppen av Hafstadfjellet klar. Den går frå Førde sentrum og opp til toppen.

Foto: Cosmin Cosma
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.