Hopp til innhold

Byrkjelo får sitt fjerde NM på sju år

Friidrettsutøvarane som i år kjempa om edelt metall under junior-NM på Byrkjelo kan berre bestille billett til senior-NM i 2018. For fjerde gang på sju år skal BBIL arrangere NM.

Byrkjelo stadion

BØR BYTAST: Rolf Kjetil Egge seier Byrkjelo stadion er meir enn godt nok for eit NM. – Har sagt 2018 kanskje er ei smertegrense for å arrangere så stort meisterskap. I gang krefter for å sjå på mogleg rehabilitering på seinare tidspunkt, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

I kveld vart det klart. Sentralstyret i Norges Friidrettsforbund gir Breimsbygda æra av å arrangere hovud-NM 2018.

Slik dei gjorde i 2011, og slik dei gjorde for veteranane i 2014 – og juniorane i sommar.

– Vi er glade for å få det tildelt og ser fram til å arrangere nye flotte meisterskap og å få samle friidrettseliten på Byrkjelo, seier Rolf Kjetil Egge i Breimsbygda.

Einsam søkjar

Som einaste søkjar til meisterskapen, kom ikkje avgjerda som noko stor overrasking på Egge. BBIL melde si interesse på overtid, etter at forbundet stod utan søkjarar til meisterskapen under friidrettstinget.

Rolf Kjetil Egge

GLER SEG: Rolf Kjetil Egge i Breimsbygda IL seier han ser eit stort potensial i hovud-NM 2018 i friidrett. – Det gror godt i norsk friidrett og ikkje minst i Sogn og Fjordane, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Forbundet ynskjer å fordele dei store meisterskapa mellom landsdelane. Likevel blir det fire strake år med hovud-NM i Vest. Med Haugesund i år, Askøy til neste år, Sandnes og Byrkjelo i 2017 og 2018.

– Slik er det. Ynskjer ein store meisterskap, så må ein vere framoverlent og melde seg, seier Egge.

Ynskjer fleire NM

– For oss passar dette godt, med tanke på at vi i mange år har hatt ein plan og strategi på at vi ynskjer oss kontinuitet på større arrangement på Byrkjelo, held Egge fram.

– Kvifor er det så viktig å få desse meisterskapa?

– Isolert sett er store meisterskap veldig mykje arbeid, og slik sett kanskje ikkje så mykje å trakte etter. Samstundes har vi ei historie å ta vare på. Byrkjelo leverer veldig gode resultat. Det er berre Bislett i Norge som kan vise til så gode banerekordar og så mykje gode resultat som det er på Byrkjelo, seier han.

Har erfaring

Byrkjelo stadion er eit namn som kling godt i friidrettsøyra. Både som arrangør av større og mindre meisterskap, NM og tidlegare Byrkjelo Games.

– Det er ei interesse som er bygt opp over år. Vi har eit ynskje om å få til noko for norsk friidrett, men også for Breim, Gloppen og Sogn og Fjordane. Vi vil vise at vi er kapable arrangørar på absolutt topp nasjonalt nivå, legg Egge til.

Må på friarferd

Medan eit junior-NM kan arrangerast med eit budsjett på 600 000 kroner, vil eit budsjett til hovud-NM vere over tre gongar så stort.

Det betyr at arrangørane no må på sponsorjakt for å legge brikkene, samt samle krefter frå gode medhjelparar i Gloppen og Jølster for å få eit prikkfritt arrangement.

– Vi arrangerte junior-NM i august med veldig mykje gode resultat. Dei som stilte på junior-NM i 2015 er kandidatar til å gjere det veldig godt i 2018. Så vi ser fram til eit veldig godt sportsleg arrangement, avsluttar han.