Hopp til innhold

Butikken på Sande er truga av flaumen

Butikkeigarar Jarl Tyssekvam på Sande i Gaular er ein av dei som har opplevd konsekvensane av flaumen i dag. Elva som renn forbi har bana seg veg inn i kjellaren på butikken.

Flaum på sande

UNDER VATN: Det har rent inn vatn i maskinrommet i kjellaren på butikken og butikkeigaren fryktar stenging dersom elva stig meir. (Foto: Torje Bjellaas. Redigering: Ole Andre Rekkedal)

Tre-fire pumper har jobba på spreng i heile dag for å halde vatnet i sjakk. Men Tyssekvam fryktar kva som vil skje dersom elva held fram å stige.

– Det er det berømte håret no, før det hadde gått skikkeleg gale, seier han.

Fryktar stengt butikk

I dag tidleg stod vatnet førti centimeter djupt. Ved hjelp av pumpene fekk dei

Jarl Tyssekvam har fått vatn inn i kjellaren på butikken

REKORDSTOR: Jarl Tyssekvam har vakse opp rett ved elva, men har aldri sett Gaula så stor som i dag.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

redusert vasstanden til åtte.

– Men elva skal jo stige enno meir, så det er jo det det kjem an på, seier Tyssekvam.

– Får vi Gaulavassdraget rett inn i kjellaren, då har vi eit problem, seier han.

Sjølve kjellaren er han ikkje så uroa for, der har han mest private ting som kan erstattast. Men rett ved sidan av ligg eit maskinrom.

– Får vi kortslutning på det elektriske anlegget, så har vi ikkje butikk meir på Sande på ei stund, seier Tyssekvam.

– Aldri sett elva så stor

Han har nettopp hatt ein elektrikar på plass for å vurdere situasjonen.

– Det er mogleg vi må sløkke straumen og stenge butikken til vi har fått senka nivået på vatnet, seier Tyssekvam.

Han har aldri sett Gaula så stor.

– Og eg er fødd og oppvaksen fire-fem meter frå ho og har levd med ho i 52 år, seier han.

– Siste 60 åra har det ikkje vore så høg vasstand, det er eg rimeleg sikker på.

Han understrekar at det ikkje berre er han som har fått problem. På andre sida av sjukeheimen på Sande, har ei lita elv teke eit nytt far og oversvømt garasjar og kjellarar.

– Det får ein del konsekvensar dette her nedover vassdraget, elva blir jo større og større til lenger ned mot sjøen vi kjem og jo større tilsiget blir.