Hopp til innhold

Bussjåfør: - Eg blir rett og slett forbanna på dårleg brøyting

- Hadde vi køyrt like dårleg buss som det vert brøyta, kunne vil berre levert inn pengeveska vår. Firda Billag sine sjåførar er oppgitte over dårleg brøting, seier tillitsvald Jostein Gjermundstad.

Jostein Gjermundstad

TRENG IKKJE VERE STOVEGOLV: Tillitsvald for bussjåførane i Firda forventar ikkje stovegolv når dei køyrer buss, men at brøytemannskapet er i framkant av vêrvarselet.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Eg trur at nesten alle av uhella på vegane dei siste dagane kunne vore unngått viss det hadde vore skikkeleg vintervedlikehald på vegane.

Leiar i Firdaklubben i Firda Billag, Jostein Gjermundstad, er oppgitt over den dårlege brøytinga som har vore denne veka etter det store snøfallet tidlegare i veka. Han er tillitsvald for over 170 medlemmer som denne veka har brukt mykje tid på å diskutere brøyting.

– Eg likar ikkje brøytinga som har vore denne veka. Eg har sett at både i Jølster, Fjærland og Sogndal har vore veldig dårleg med fleire trafikkuhell. Men brøytinga har vore dårleg.

Brøytar for seint

Gjermundstad meiner brøytemannskapet brøyter for seint når snøen kjem. Dermed køyrer bilane ned all snøen og det vert danna eit snølag på vegen – ein sole. Når så regnet kjem og sola byrjar å gå i oppløysing blir det problem.

– Vi pratar ganske mykje om dette. For vi har rutetider vi skal halde og samfunnet forlanger at vi skal gjere ein god jobb. Så då må vi kunne forlange at andre gjer jobben sin og, slik at vi kjem fram på vegane.

Bussjåføren er uroa for helga vi går i møte med tradisjonelt mykje trafikk, og dårleg brøyting. Men Gjermundstad seier at sjåførane sjølvsagt ikkje er feilfrie og at dei også kan vere meir forsiktige på glattføret.

– Sjølvsagt gjer vi våre feiltrinn vi og. Men når vi får eit slikt sørpelag, er det ikkje enkelt. Vi kan godt inkludere personbilane og. Eg synest det er heilt greitt å køyre stor bil, men i ein personbil på slikt føre føler eg meg slett ikkje trygg.

For dårlege kontraktar

Han trur entreprenørane gjer jobben sin i forhold til kontraktane dei har om kva tid dei skal brøyte.

– Dei svarar ofte at dei er ute og brøyter når ein ringer dei. Men spørsmålet er om dei ikkje burde vore ute før. Dei høyrer jo vêrmeldingane dei og. Kontrakten er sikkert oppfylt men det er for dårleg.

Han viser til at det på ein del vegar ikkje er krav om brøyting før det har komme 10 centimeter snø, men at ved mykje trafikk blir snøen raskt pakka saman.

– Eg forlanger ikkje at det skal vere som eit stovegolv heile vegen. Men poenget er at dei som brøyter må vere i framkant av vêrmeldingane.

– Situasjonen denne veka har vore så ille at eg har høyrt om fleire sjåførar i fylket som har parkert vogntoget fordi dei ikkje våga å køyre vidare.

– Vi kan ikkje seie at i dag er det så dårleg vêr at vi kan ikkje køyre, vi gjer det i morgon. Enkelte kan gjere det, men ikkje vi. Vi må berre ta tida til hjelp.

– Kom litt bardust på oss

– Vi kan nok vere einige i at dei store snøkasta som kom no i desember kom litt bardust på både oss og entreprenørane våre, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Førre vinter vil Slinde karakterisere som veldig fin, og han seier det er mogleg dei har seinka skuldrene litt mykje i år.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

UTFORDRANDE: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier det kan vere utfordrande for entreprenørane når det kjem mykje snø på ein gong.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har gått nokre rundar både internt og med entreprenørane våre slik at vi skal vere raskare ute neste gong, seier han.

– Kvifor skulle dette kome overraskande på når meteorologane har varsla snøvêr?

– Jau då, meteorologane varsla snø, men vi har jo fått opp mot halvanna meter enkelte plassar, og det er krevjande å få vekk så mykje snø. Det å få på plass alt utstyret tidsnok er av og til litt utfordrande, seier Slinde som er einig i at dei burde vore litt meir førevar.

Avdelingsdirektøren seier dei no skal vere meir budde på snøfallet framover.

– Det er allereie blitt betre. Eg har sjølv køyrt gjennom fylket i dag, og vegstandarden var god og entreprenørane var i full aktivitet. Eg føler meg trygg på at dei står på for å gje ein best mogleg veg til trafikantane. Vi vurderer heile tida kontraktane våre for å sjå om det er ting som kan skildrast betre, fortel Slinde som oppmodar også trafikantane til å tilpasse farten etter forholda når ikkje brøytemannskapet kan vere overalt alltid.