Hopp til innhold

Buss køyrde i grøfta

Ingen kom til skade då Nordfjordekspressen køyrde i grøfta ved Gjølbru i Strynefjellsvingane.

Nordfjordekspressen i grøfta

I GRØFTA: Her stogga turen for Nordfjordekspressen.

Foto: Olav Standal Tangen

Bussen var på veg frå Oslo til Måløy då han hamna utfor vegen ved Strynefjellsvingane på veg nedover mot Stryn. Uhellet skjedde like før klokka 18.

Ifølgje politiet skal passasjerane ha kome seg vidare, og vere i Stryn litt over klokka 19.00.

Ukjend årsak

Ifølgje Svein-Arne Vik i Nettbuss express skal det ha vore 17 passasjerar med bussen i tillegg til føraren, men ingen vart skadd.

– Bussen har kome utfor asfaltkanten og føraren har ikkje klart å ta den inn igjen på vegen. Ny buss er på veg for å hente passasjerane, seier Vik.

– Ingen dramatikk

Bjørn Jensen frå Selje var ein av passasjerane. Han skildrar hendinga som udramatisk.

– Bussen ligg i grøfta på skrå inntil fjellsida. Vi kom oss raskt ut av bussen. No har vi fått ut bagasjen og ventar på ny buss. Men det var ikkje noko fart å snakke om, så det var ikkje dramatisk, seier Jensen.

Men det kunne gått verre om bussen hadde køyrd utfor andre sida av vegen litt lenger nede.

– Der er det ganske bratt, men folk har haldt roa, seier han.

Klokka 19.30 opplyser Vik at bergingsbilen er like om hjørnet, og at dei håpar å få dratt opp bussen forsiktig så det ikkje vert meir skade.

– Bussen er så å seie skadefri, og den skal vere køyrbar, men vi skal sjølvsagt ta ein sjekk når vi får den ned att til Stryn, seier Vik.

Nordfjordekspressen køyrde i grøfta

INGEN SKADDE: Dei 16–17 passasjerane vart ikkje skadde då bussen køyrde utfor vegen.

Foto: Olav Standal Tangen